Legetenesta

Masfjorden legekontor er plassert på Hosteland, og er samlokalisert med kontor til helsesyster og jordmor. 

Kontaktinformasjon Masfjorden legekontor

Opningstider : Måndag - fredag kl.09:00 - 15:00.
(I denne tida er legekontoret lokal legevakt.)

Post- og besøksadresse :
Fensfjordvegen 615,
5986 Hosteland.

Telefon : 56 16 63 00
Ringer du utanom opningstid, vil du automatisk verte sett over til Nordhordland legevakt dersom du ynskjer det.

Telefon legevakt : 116 117

e-postadresse : masfjorden.legekontor@masfjorden.kommune.no

Hugs: Ikkje send personsensitive opplysningar på e-post

Blodprøvetaking

Til deg som berre skal ta blodprøver og ikkje har legetime. Du treng ingen avtale for dette. Det er greitt berre å henvende seg i luka.

Opningstid for denne tenesta :

Måndag - torsdag :
kl.09 - kl.12 og kl.13 - kl.14
Fredag :
kl.09 - kl.12

Offshoreattest og legeattest

Rolf Magnus Sleire er godkjent sjømanns- og petroleumslege. Dei som måtte ha bruk for desse tenestene, til dømes attestasjon, kan ta kontakt med legekontoret for timebestilling.

Nettbaserte tenester

Dersom du har ein av legane som er knytt til Masfjorden legekontor som din fastlege, kan du få utført ein del tenester via internett :

  • Du kan fornye reseptar på faste medisinar. 
  • Du kan bestille og avbestille timar hos fastlegen din.

Du kjem til desse tenestene ved å peike og klikke her.

Dette er eit tilleggstilbod til tidlegare tilbod. Du kan framleis fornye reseptar og bestille og avbestille timar ved å ringe oss, eller ved personleg oppmøte.

Kjernejournal

Dette er ei teneste der viktige helseopplysningar om deg vert lagra og gjort tilgjengelege for helsepersonell som måtte ha bruk for dei i ein naudssituasjon. Døme på ein slik situasjon kan vere dersom du får akutte medisinske problem når kontoret til fastlegen er stengt, eller medan du oppheld deg ein annan plass i landet enn der fastlegen din er.

Du kan lese meir om denne tenesta ved å peike og klikke her.

Om fastlegeordninga

Kvar innbyggjar kan knyte til seg sin eigen fastlege.

Her får du vite korleis du søkjer om fastlege.


Sist oppdatert: 15.03.2020
Publisert: 20.04.2018