NAV Fensfjorden

Kontaktinformasjon NAV Fensfjorden

Postadresse: NAV Fensfjorden, Fensfjordvegen 615 H0301
Besøksadresse: NAV Fensfjorden, Fensfjordbygg - Fensfjordvegen 615, 3. etasje, 5986 Hosteland

Kontakt NAV: Telefon 55 55 33 33 / www.nav.no via ditt nav

Opningstider ved NAV Fensfjorden:

  • Austrheim:  kl. 10 - 1400 torsdag, Adresse: Sætremarka 2, 5943 Austrheim
  • Fedje:  kl. 09 - 12.30 tysdag i partallsveker, Adresse: Stormarkvegen 49, 5947 Fedje
  • Gulen:  kl. 10 - 14.00 tysdag, Adresse: Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
  • Masfjorden:  kl. 10 - 14.00 tirsdag, Adresse: Fensfjordbygg - Fensfjordvegen 615, 3. etasje, 5986 Hosteland
  • Modalen:  kl. 10 - 14.00 torsdag i partallsveker, Adresse: Mo 3, 5732 Modalen  

Du kan gjere avtale med oss utanom desse opningstidene, ring oss på 55 55 33 33 eller skriv til oss via www.nav.no.
Du kan og kontakte sørvis-torget i kommunen.
www.nav.no er ope heile døgnet!

Økonomisk sosialhjelp

Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

Det kan vere:

  • Økonomisk yting frå kommunen
  • Råd og rettleiing, eller hjelp i form av bustønad til høge bu-utgifter

Søknaden må dokumenterast. I søknadsskjemaet finn du informasjon om kva dokumentasjon NAV treng for å handsame søknaden din.

Søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp (pdf)

Søknad om økonomisk sosialhjelp sendast/leverast til NAV Fensfjorden.
Postadresse: Postboks 14, 5987 Hosteland.

Gjeldsrådgjeving

NAV Fensfjorden tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebere hjelp med å sette opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar.

Du kan bestille time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis. Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 eller send beskjed via ditt NAV på www.nav.no .

Du kan få råd og rettleiing ved å ringe den landsdekkjande telefonen 800 45 353 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatte med NAV om spørsmål knytta til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.

Chat med NAV gjeldsrådgjeving(www.nav.no)

Søknad om økonomisk gjeldsrådgjeving (pdf)

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng oppfølging for å klare det.

For å ha rett til kvalifiseringsprogram, må NAV vurdere behova dine og om programmet vil føre til at du lettare kan kome i arbeid.

Du må

  • vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
  • ha behov for tett oppfylging
  • ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV
  • ha gjennomgått ei arbeidsevnevurdering
  • ha lovleg opphald og fast bustad i Noreg

For meir informasjon kan du lese om kvalifiseringsprogrammet(www.nav.no), eller ta kontakt med NAV Fensfjorden på telefon 55 55 33 33.

Du finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon på heimesida til NAV(www.nav.no). Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema, CV og intervju.

Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.

All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du på
heimesida til nav(www.nav.no)


Sist oppdatert: 16.03.2020
Publisert: 20.04.2018