HjemHelse-, sosial- og omsorgstenesterNAV FensfjordenLån og tilskot for tilpassing av bustader

Lån og tilskot for tilpassing av bustader

Tilpassing av bustad

Masfjorden kommune har som mål at alle innbyggjarar skal kunne bu heime i eigen heim lengst mogleg. For nokon, til dømes eldre og personar med funksjonsnedsetting, er dette mogleg ved at ein tilpassar bustaden ein bur i. Å tilpasse bustad handlar om å gjere den betre eigna for den eller dei som bur der, slik at dei kan vere mest mogleg sjølvstendig i eigen heim trass nedsett funksjonsevne.

Husbanken og NAV kan hjelpe med tilskot og lån i samband med tilpassing av ein bustad. Nokre av desse vert handsama av kommunen medan andre av Husbanken eller NAV. Vidare finn du ei oversikt over desse ordningane. Klikk på linkane for meir detaljert informasjon om kvar einskild ordning.

Masfjorden kommune søkjer kvart år om tilskotsmidlar frå Husbanken til vidare formidling til innbyggjarane. Dersom du treng økonomisk stønad for etablering i eller tilpassing av bustaden din kan du søkje kommunen om tilskot til dette. Ein fin og meir informasjon om Husbanken sine tilskot og låneordningar på Husbanken.no

Masfjorden kommune handsamar søknadar om

  • Tilskot til etablering i bustad
  • Tilskot til tilpassing av bustad
  • Bustønad
  • Startlån


Husbanken handsamar søknadar om

  • Tilskot til utgreiing
  • Tilskot til prosjektering
  • Grunnlån


Nav Hjelpemiddelsentralen handsamar søknadar om

  • Tilskot istadenfor trappeheis, løfteplattform, og/eller rampe

 

Tilskot til etablering i bustad

Tilskot til etablering i bustad kan gjevast til kjøp/refinansiering av bustad for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Du kan få tilskot til å tilpassa bustaden etter dine behov dersom du har nedsett funksjonsevne. Tilskota kan gjevast til personar/husstandar med varig lav inntekt. Ordninga er sterkt økonomisk behovsprøvd og det vert teke omsyn til inntekt og formue.                                      
Tilskot til tilpassing av bustad

Dette tilskotet er ei offentleg ordning som kan hjelpe deg å bli buande heime, sjølv med nedsett funksjonsevne. Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som til dømes å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i forhold til funksjonsnedsetting. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet.

Den økonomiske behovsprøvinga i desse sakene vert gjort ut frå ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

Ved planlegging av større ombyggingar kan det være lurt å fyrst søkje Husbanken om tilskot til utgreiing og prosjektering.

Det er kommunen som tildelar tilskot til enkeltpersonar. Søknad skal sendast til kommunen, men ein skal bruke Husbanken sitt søknadsskjema.

Gå inn på lenkene nedanfor eller ta kontakt med kommunen for nærare informasjon.

Informasjon frå Husbanken om tilskot til tilpassing av bustad finn du her : http://www.husbanken.no/tilskudd/

Dette er ei felles nettside for skjema og informasjon :

  • Søknadsskjema
  • Rettleiar for søkjarar
  • Eksempelsamling
  • Finansieringsalternativ
  • Søknadsskjema for tilskot til utgreiing og prosjektering
Bustønad

Alle over 18 år kan søkje bustønad med unntak av vernepliktige og studentar utan barn. Du kan også søkje dersom du er student og studiet ditt er ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering, for eksempel yrkesretta attføring. Dersom du er under 18 år og har eigne barn, kan du også søkje.

Bustønaden skal hjelpe husstandar med lave inntekter og høge buutgifter til å etablere seg og bli buande i bustad. Forholdet mellom buutgifter for husstanden avgjer om det kan løyvast bustønad og kor stor bustønaden blir. Stønaden er frå Husbanken men søknaden skal sendast til kommunen. Du finn meir informasjon og søknadsskjema i peikarane under:

Startlån

Startlån er tiltenkt personar som har vanskar med å etablere seg i eigen bustad, og til vanskelegstilte som har behov for å kunne bli buande i bustaden. Kommunen vurdere tilsegn om lån, og eventuelt størrelse på lånet.

Startlånet kan bli gjeve som topp- eller fullfinansiering til

  • kjøp av bustad,
  • utbetring og tilpassing av bustad,
  • toppfinansiering ved bygging av ny bustad,
  • refinansiering av dyre lån slik at husstanden kan bli buande i bustaden.


Startlånet er behovsprøvd, og kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. I vurderinga legg kommunen vekt på om du har langvarige problem med å finansiere eigd bustad og har nytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske rammene du har.

Gå inn på heimesida til Husbanken eller ta kontakt med kommunen for nærare informasjon om

  • startlån
  • Husbanken sine retningsliner om tilskot til etablering og tilpassing av bustad, m.m.
  • Husbanken sin rettleiar for søknad om tilskot til å skaffa seg bustad eller verta buande i eigen bustad.
  • søknadsskjema for startlån, tilskot til bustadetablering, og tilpassing
Tilskot til prosjektering og utgreiing

Dersom du har behov for spesialtilpassing av bustaden din, kan du søke husbanken om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp som til dømes arkitekt.
Tilskot til prosjektering kan dekke utgifter på inntil kr 20 000,-Husbanken kan i tillegg gje tilsot til utgreingar i forkant av prosjekteringa på inntil kr 20 000,- I spesielle tilfelle kan det gjeast høgare tilskot.

Du kan lese meir om dette på Husbanken sine sider ved å peike og klikke her.

Peikar til søknadsskjema

Grunnlån

Du kan søke Husbanken om grunnlån til bygging av ny bustad. Grunnlånet skal medverke til å fremme viktige bustadkvalitetar som universell utforming og miljø. Det betyr at bustaden du ynskjer å bygge, blant anna må

  • vere tilrettelagt for livsløpsstandard
  • ha redusert energibehov
  • bestå av miljøvenlege materialar

Her kan du lese meir om grunnlån og søknad

Tilskot frå Nav Hjelpemiddelsentralen

I tilfelle der personar grunna nedsett funksjonsevne har behov for trappeheis, løfteplattform, og/eller rampe kan NAV Hjelpemiddelsentral gje tilskot i staden for trappeheis, løfteplatform og/eller rampe(hjelpemiddel). Ein må då følgje kriteria skildra av NAV og dette må gjerast i samarbeid med NAV og hjelpemiddeltenesta i kommunen. 

Tilskotet skal gjere bustaden meir tilgjengelig utan bruk av hjelpemiddel i eksisterande bustad (i staden for trappeheis, løfteplattform og/eller rampe) og løysinga skal vere varig, og i materialer som er varige og trygge. Bakgrunnen for denne ordninga er at kommune og stat ynskjer at flest mogleg bustadar vert meir tilgjengelige for alle uansett fuksjonsnivå og utan bruk av hjelpemidlar.

Tilskotet skal

  • ikkje overstige kostnaden til hjelpemidlet
  • ikkje inngå i ”brukaren sin eigenkapital”
  • skal følgje kriteriene som er skildra av NAV Hjelpemiddelsentralen for materialbruk ETC. (sjå Nav.no)

Utbetaling føreset at trappeheis, løfteplattform og/eller rampe ikkje blir installert. Ordninga erstattar ikkje eksisterande ordningar frå Husbanken og kommunen, men skal inngå i ein felles ”kasse” saman med desse midla.

 


Ta kontakt med hjelpemiddelansvarleg i kommunen for nærare informasjon eller les meir om tilskotet på www.nav.no

NAV har og utarbeida ein ny rettleiar som er verdt å lese på http://www.kunnskapsbanken.net


Sist oppdatert: 10.12.2018
Publisert: 02.11.2018