Heimetenesta

Kontaktinformasjon for heimetenestene

Hildegunn Bjånes, leiar 
Heimetenesta i Indrefjorden:
Tlf. 56166138 / 

Siri Kratzmeier, ass. leiar
Heimetenesta Nordbygda
Tlf: 56166566 /41617507

Silje Totland, ass. leiar
Heimetenesta på Sørsida
Tlf. 56166275 /48295935

Andre tilbod

Førebyggande heimebesøk

Dette er eit nytt tilbod, som vil bli gjennomført av heimetenesta og ergoterapeut i hjelpemiddeltenesta.

Førebyggjande heimebesøk er eit frivillig og gratis tilbod til alle innbyggjarane i løpet av det året dei fyller 80 år, som ikkje mottar eller mottar tenester av lite omfang frå Pleie- og omsorg. I starten vil me også tilby dette til dei som fylte 80 år i 2016.
Dei fleste eldre bur i sin eigen heim og klarar seg bra. Masfjorden kommune ynskjer å ha fokus på å legge til rette for at eldre skal kunne bli buande i sin eigen heim, føle seg trygge, oppleve livskvalitet og ivareta god helse lengst mogeleg.

Føremålet med besøket er å etablere kontakt og ein samtale som tar utgangspunkt i den einskilde sitt liv, med dei ynskjer og forventningar ein har til kvardagen og tida framover. Samtalen handlar om helse, fysisk og sosial aktivitet, ernæring og fallførebygging. I tillegg tar ein opp tryggleik og sikring i eigen bustad og utfordringar i kvardagen. Ein vil og få informasjon om kommunen sine tenester og kor ein kan ta kontakt, dersom ein seinare skulle ha behov for hjelp frå kommunen. Samtalen vert heime hjå den einskilde, og vil vare i 1–2 timar. Etter heimebesøket får du tilbod om oppfølging, dersom du har behov for det.
Dei som er aktuelle for tilbodet vil etterkvart få eit brev med forslag til dag og tid for eit heimebesøk. Deretter vil ein bli kontakta nokre dagar før oppsett tid, for å høyre om ein vil ta imot tilbodet. Dersom ein har spørsmål rundt tilbodet kan ein ta kontakt med Forvaltningskontoret på tlf. 56 16 62 17.

Heimetrening for kvardagshelse

Dette er spesielt retta mot heimebuande personar som ikkje får hjelp i frå heimetenesta, men som opplever reduksjon i eiga helse og funksjonsnivå i slik grad at det går ut over kvardagsaktiviteten.

Tilbodet vert kalla «heimetrening for kvardagshelse» der målet er at personen etter tilbodet skal meistra aktivitetane dei hadde utfordringar med i større grad sjølv, eller at dei skal sitja att med eit mindre hjelpebehov enn dei gjerne ville endt opp med utan denne oppfølginga.

Eit tverrfagleg team beståande av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og hjelpepleiar, vil etter kartlegging og samtale lage eit individuelt tilpassa treningsopplegg, der personar frå teamet vil komme heim til vedkommande å trene i lag med dei, over ein gitt periode, med tett oppfølging.

Me vil ikkje berre ha fokus på fysisk trening. Det kan og vera andre problem som gjer at kvardagen er vanskelig og som kanskje kan løysast med velferdsteknologiske løysingar eller andre hjelpemiddel. Dette ynskjer me å kunne hjelpe med gjennom det tverrfagleg teamet.

Personar som ynskjer eit slikt tilbod, ta kontakt med forvaltinga på telefon 56 16 62 17, eller ta kontakt med fastlege for vidare tilvising.


Sist oppdatert: 04.01.2024
Publisert: 20.04.2018