Pakkeforløp heim

Pakkeforløp heim vil seie tre frivillige samtalar for å kartlegge dine behov. Den første samtalen vert gjort med spesialisthelsetenesta. Den andre og tredje samtalen vert utført i kommunen (enten ved kreftkoordinator, fastlege eller ressurssjukepleiarar) 3-4 månadar, og 12-18 månadar etter at du fekk diagnosen.


Om pakkeforløpet i Masfjorden Kommune

Pakkeforløpet gjeld alle pasientar som reiser heim frå sjukehuset med ein kreftdiagnose. Nokon pasientar med kreftdiagnose har i dag dialog med kreftkoordinator og/eller andre kommunale teneste. Dette pakkeforløpet gjeld alle pasientar, uavhengig av alvorsgrad og funksjonsnivå.

Sjukehuset sender melding til kommunen, dette ved PLO melding til forvaltninga for å informere om pakkeforløpet.

Ein frå ressursteam tek kontakt med pasienten og avtaler videre oppfølging.

Dersom pasienten allereie mottar heimetenester, kan det vere primærkontak/sjukepleiar som utfører kartlegginga.

Er pasienten på eit sjukeheimsopphald, har ansvarleg sjukepleiar og sjukeheimslege ansvar for oppfølginga.

Dersom pasienten ynskjer at fastlegen skal ta oppfølginga, bestiller pasienten time hjå fastlegen sjølv.

Du vil bli ringt av ein i ressursteamet i kommunen for å gjere avtale om tidspunkt for samtalen. Samtalane kan gjennomførast under eit heimebesøk eller om du ønskjer å møte ressurssjukepleiar på legekontoret. Du vil få timeavtale-brev i posten i god tid før samtalene. Saman med brevet vert det sendt ut eit enkelt kartleggingsskjema som ein skal svare på den dagen ein skal ha samtalen med ressurssjukepleiar. Om ein synes det er vanskeleg kan ein gjere dette i starten av samtalen saman med ressurssjukepleiar.


Ressurssjukepleiar vil spørje deg ein del spørsmål som omhandlar viktige tema i livet ditt.

Eksemplar på dette er:

 

  • familiesituasjon/nettverk
  • jobb/skule/utdanning
  • økonomi
  • bu forhald
  • fysisk og psykisk helse
  • tilrettelegging i heimen
  • rehabilitering

 

Ressursteam Masfjorden kommune

Ida Eide
Leiar helsetenesta
Tlf: 56166300/06
E-post: ida.eide@masfjorden.kommune.no

 

Tina Fjellby
Ressurssjukepleiar
Tlf: 56166500
E-post: tina.korsoen.fjelby@masfjorden.komune.no

 

Ingrid Skuggedal
Ressurssjukepleiar
Tlf: 41617508
E-post: ingrid.skuggedal@masfjorden.kommune.no


Sist oppdatert: 28.05.2024
Publisert: 28.05.2024