HjemHelse-, sosial- og omsorgstenesterKlage på helse- og omsorgstenester

Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • ​Forholda ved tenesta du ikkje er nøgd med
  • Kritikkverdige forhold
  • At du ikkje har fått den tenesta du har søkt på
  • Saksbehandlinga

Klage på tenesta

Dersom du er misfornøgd med ei helseteneste du får, for eksempel på sjukeheim, bør du fyrst vende deg munnleg eller skriftleg til leiinga på sjukeheimen. Vêr tydeleg på kva du er misfornøgd med og kva du ønskjer endra.

Når dei som utfører tenesta får klaga din, må dei undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok.
Fører ikkje klaga fram, må du sjølv sende ei skriftleg klage til Statsforvaltaren som gjer ei vurdering av saka.

Klage på vedtaket 

Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette blir kalla ei rettsklage. Ei rettsklage blir send til forvaltingskontoret for helse og omsorg. Dei tilsette går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Blir ikkje vedtaket endra, sender dei automatisk klaga vidare til Statsforvaltaren i Vestland som avgjer saka.

Slik klagar du på eit vedtak

  • Klagen må vera skriftleg.
  • Du må levera klagen innan fire veker etter at vedtaket er motteken.

Klagen sender du til:

Forvaltningskontoret for helse og omsorg
Fensfjordvegen 615
5986 HOSTELAND

Eller du kan sende klage på elektronisk skjema (skjema.kf.no)

Du skal få svar innan tre veker. Vert ikkje klagen tatt til følgje, vert klagen automatisk sendt til Statsforvaltaren.

Hjelp til å klage

  • Treng du råd, rettleiing eller  hjelp til å skrive klagen, ta kontakt med Forvaltningskontoret for Helse-og omsorg eller pasient – og brukarombodet.

Les meir om klage hos Statsforvaltaren (www.fylkesmannen.no).

Kontakt

Har du spørsmål, kontakt forvaltningskontoret for helse- og omsorg på tlf. 56166500

Kontaktinformasjon for forvaltningskontoret helse og omsorg

Kontoret er ope frå 08:00 - 15:30  Tlf. nr : 56166560  

Adresse: Fensfjordbygg - Fensfjordvegen 615, 5986 Hosteland

Elin Kjersti Eikemo, leiar for forvaltning helse og omsorg

Ragnhild Skuggedal, konsulent


Sist oppdatert: 25.11.2021
Publisert: 31.05.2018