Frivilligsentralen

Kontaktinformasjon

Helga Ekehaug, dagleg leiar
Postadresse: Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes
Epostadr: helga.ekehaug@masfjorden.kommune.no.
Tlf: 56 16 62 62 / 91193612.

Logo for frivilligsentralenMålsetting

Heilt frå Frivilligsentralen vart skipa 1. sept. 1991, har målet for sentralen vore å halda ved like naturleg bygdekontakt og nabotenester. Dette prøver vi i ei tid der ein også på landsbygda merker utviklinga mot isolasjon og framandgjering for kvarandre. Sentralen stimulerar einskildpersonar, grupper og nærmiljø til friviljug omsorgsteneste og å byggja opp kontakten mellom generasjonane.

Arbeidsoppgåver

Frivilligsentralen arbeidar med mange oppgåver. Ein kan nemna føremiddagstreff, besøkstenesta, div. hjelpetenester og fleire andre ting. Styret for sentralen er opptekne av korleis vi kan gje rom for gjensidig utveksling av kulturytringar – og elles vera i kontinuerleg arbeid for å fanga opp nye utfordringar for frivillig teneste i lokalsamfunnet – i eit lokalsamfunn der den frivillig, kulturelle del arbeider godt.

Frivilligpris

Frivilligsentralen har kvart år sidan 1999 delt ut Frivilligpris til personar. Prisen vert gjeven til personar som med sine idear og/eller handlingar har betra trivsel og livskvalitet for andre.


Sist oppdatert: 11.01.2019
Publisert: 11.01.2019