Frivilligprisen

Styret for Masfjorden frivilligsentral markerar dagen kvart år ved å dela ut ein frivilligpris.

Prisen skal gjevast til ein initiativrik person som med sine idear og/eller handlingar har betra trivsel og livskvalitet for andre. Det skal vera ein person som med sine idear og sitt pågangsmot har medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn. Innsatsen som vert gjort må vera på frivillig basis, anten gjennom frivillige organisasjonar eller som tenester ut frå personleg initiativ.

Frivilligsentralen ber om forslag på kven som har utmerka seg til å få prisen

Send inn forslag der de skriv kven de ynskjer å gje frivilligprisen til, alderen til personen og litt om på kva måte vedkomande har merka seg ut som mulig kandidat til prisen.

Forslag vert å senda skriftleg til:

Masfjorden Frivilligsentral, 5981 Masfjordnes, eller på e-post til: friv.sent@masfjorden.kommune.no eller Helga Ekehaug

Forslag kan leverast heile året, men fristen vert kunngjort kvar haust.

Tildelte prisar frå 1999

2021:      Helge Andvik, Ivar Haukeland og Else Haugland

2018:      Birger Wergeland, 5986 Hosteland

2017:      Inger Jåstad, Marita Kjetland, Edit og Rognald Matre.

2014:      Terje Rasdal, 5981 Masfjordnes

2013:      Reidar og Astrid Fredriksen Birkeland, 5986 Hosteland

2012:      Arve Sleire Hatlevik, 5986 Hosteland

2011:      Lise Dyrhovden, 5984 Matredal

2010:      Kari Molland, 5984 Matredal

2009:      Eldbjørg Mjanger, 5981 Masfjordnes

2008:      Marta Midtbø, 5986 Hosteland

2007:      Anna Kvingedal, 5981 Masfjordnes

2006:      Berit Dyrkolbotn, 5984 Matredal

2005:      Jon Torsvik, 5986 Hosteland

2004:      Torill Kristoffersen, 5983 Haugsvær

2003:      Olga og Harald Birkeland, 5986 Hosteland

2002:      Henrik Frøyset, 5986 Hosteland

2001:      Ruth Andvik, 5981 Masfjordnes

2000:      Frank Kvinge, 5981 Masfjordnes

1999:      Lillian Langhelle, 5983 Haugsvær


Sist oppdatert: 03.06.2022
Publisert: 16.10.2018