Kulturprisen

Du kan koma med framlegg på kandidatar til kulturprisen heile året, men innan 1. april for kvart år. Du kan senda grunngjeve framlegg på kulturpriskandidat til post@masfjorden.kommune.no

Prisvinnarane sidan 1988
ÅrstalPrisvinnarar
2022

Alf og Anke Helland
For det kulturhistoriske arbeidet som er gjort; rekonstruksjonen av ei vindrifle, Girardonirifla.

2021 Bente Kvamsdal Håvåg
Ein uvurderleg innsats særleg i arbeidet for born og unge i kommunen og ein bauta innanfor arbeidet i frivillige lag og organisasjonar.
2020 Magne Helge Sleire
For sitt arbeid som filmskapar og eit aktivt engasjement knytt til vern av natur og miljø.
2019 Albert Kjetland
For livslang innsats for å dokumentera livet på garden og i tidlegare tider.
2018 Odd Helge Birkestrand
For sitt langvarige ungdomsarbeid gjennom Masfjorden sjakklubb.
2017 Jon Martin Skauge
Målretta innsats for utvikling av unge musikantar og musikklivet elles.
2016 Arne Høyland
Gjennom ei årrekkje har Arne Høyland dokumentert folkeleg kultur og lokal historie frå distriktet vårt, gjennom intervju, filmopptak og fotografi.
2015 Tove Kristin Sleire Tistel og Vidar Sleire Tistel
Særleg for arbeidet med bakkeløpet ”Sleirsfjellet opp” og prosjektet ”Inn på tunet” og for å vere gode modellar og inspiratorar i nærmiljøet.
2014 Lovisa Midtbø
For å ha vore ei drivkraft og ein inspirator i kulturlivet i Masfjorden gjennom meir enn 40 år.
2013 Alf Strand
For literaturarbeid med bl.a. eiga diktsamling og lokalsogehefte "Fjon frå fjell til fjord"
2012 Hans Daae
For aktiviteten i korpsmusikken. Ei av eldsjelene som kulturlivet vårt har så god bruk for.
2011 Håkon Torsvik, Jermund Totland, Rognald Matre og Nils Einestrand (p.m.)
For arbeidet med innsamling og innlesing av stadnamn i Masfjorden.
2010 Ellen F. Andvik
For sitt store arbeid for born og unge, med spesiell vekt på leiarfunksjonen i Sandnes skulemusikk dei siste 5 åra.
2009 Olaf og Ragnar Sleire
For arbeidet med tradisjonell landbruksdrift og for å ivareta kulturlandskapet med tradisjonelle metodar
2008 Arne Berg og Jan Olav Fosse
Pådrivarar i utviklinga av Stordalen Skisenter.
2007 Normann Sleire
Ei drivande kraft i frivillig lagsarbeid gjennom mange år, særleg det frivillige skyttarvesen
2006 Det kyrkjelege barne- og ungdomsarbeidet i Masfjorden v/Gunnvor Fyllingsnes.
For arbeidet med og blant barn og unge i kommunen.
2005 Nathalie Vangsnes
For å ha vore ei drivkraft i friviljug arbeid som Redningsselskapet, Misjonsselskapet, helselagsarbeidet samt reiselivsverksemda.
2004 Terje Rasdal
For 25 års innsats i kulturskulen og områder som revy, kor og fjelltrimm.
2003 Ivar Helge Matre
For langvarig innsats innan idretten i Masfjorden, særleg I.L. Bjørn West.
2002 Anna Rubach
For sin innsats som organist, lærar i musikk- og kulturskulen og det frivillige musikklivet.
2001 Aslaug Molland Takvam
For arbeidet med å rekonstruera den gamle masfjordbunaden.
2000 Erna Osland
For produksjon av god barne- og ungdomslitteratur, samt undervisningsopplegg om den lokale historia.
1999 Elin Sletten Borge
For leiarinnsats i det friviljuge lagsarbeidet.
1998 Olav S. Trodal
For arbeidet med å bygga opp og vidareutvikla Trodal - samlinga.
1997 Odd Birkestrand
For sin innsats for born og ungdom i Masfjorden sjakklubb
1996 Jon Hope
For misjonsarbeid, Fjon fjellkyrkje og ungd. senter og Bjørn West-museet.
1995 Rune Garmann
For sitt aktive kulturarbeid når det gjeld kulturvern / museum, Masfjordfestival og musikkliv.
1994 Frank Kvinge
For sin innsats for musikkorpsa og musikkskulen.
1993 Anna Østerbø og Alf Østerbø
Marknadsføring av bygda gjennom flott handverkskunst.
1992 John Torsvik
For sin innsats for Masfjorden fotballag.
1991 Åshild Andvik og Ruth Kristin Karlsvik
For teaterarbeid i skulen og innan 4H.
1990 Jonas Riisnes
Museumsarbeidet og skiping av sogelaget i kommunen.
1989 Rolf Hagen
Skiping av musikkskulen og arbeidet med Masfjordfestivalane.
1988 Brita Haugsdal
Søndagskule og anna frivillig organisasjonsverksemd.

Sist oppdatert: 20.06.2022
Publisert: 16.10.2018