Næringsprisen

Prisvinnarane i Masfjorden kommune
Årstal Prisvinnarane
2014 Frode Haugsvær maskin
Har gjennom lang tid bygd seg opp frå enkeltmannsføretak til ei av dei største private aktørane/arbeidsgivarane i Masfjorden.
2013 Haldis og Magnar Ulvatn
For utvikling av Nordbygda senter A/S med moderne daglegvareforetning og offentlege tenester. Lokal tenesteyting.
2012 Frøyseth gardsmat
Ei føregangsbedrift innan sin bransje. Dei har turt og satsa friskt i ein kanskje vanskeleg, men likevel veksande nisje.
2011 Ansgar Birkeland AS - v/Styreleiar Helge Birkeland
Prisvinnaren har hatt ei flott utvikling sidan opphavet på 1980-talet (registert i 1986). Dei fem siste åra er omsetnaden meir enn dobla og bygd opp ein god soliditet i selskapet.
2010 Einekavane AS - v/Styreleiar Reidun Kvamsdal
Verksemda, som er eit relativt ungt aksjeselskap, har synt ein god vekst dei siste åra, og spesielt for 2009. Selskapet har eit breitt tilbod av tenester, og opererer i heile regionen.
2009 Stordalen Skisenter AS - v/Styreleiar Arne Berg
Stordalen Skisenter har med si raske etablering og utvikling, skapt eit populært vintertilbod i Stordalen, for både Masfjordingar og tilreisande.
2008 Karen Margrethe Sleire
Prisvinnaren er dagleg leiar i eit aksjeselskap, og har drive i bransjen i 25 år. Selskapet lagar tradisjonsrike produkt, og det er i dag rundt 45 ulike produkttypar i utvalet.

 

Retningsliner for næringsprisen

Formål

§ 1 - Prisen er meint som ein inspirasjon til næringslivet i kommunen og skal vera eit heidersteikn til verksemda som mottek prisen. Prisen skal verte tildelt ei verksemd som har utmerka seg og alle kan komma med framlegg til kandidatar. Blant kandidatane vel ein oppnemnt komité, vinnaren.

Innhald

§ 2 - Prisen skal bestå av eit diplom i tillegg til ein pengesum sponsa av Masfjorden kommune.

Kven kan få prisen?

§ 3 - Krav til verksemder som kan få prisen:

    Alle som leverer næringsoppgåve
    Hovudkontoret må ligge i Masfjorden
    Verksemda må ha vore i drift i eit heilt år og må ha levert årsrekneskap.

Tidspunkt for tildeling

§ 4. a) Prisen skal verte tildelt årleg, fortrinnsvis under Kraftspela, eller ved tilsvarande arrangement. Dersom det ikkje er noko høveleg arrangement, skal prisen verta delt ut i løpet av første halvår kvart år.

§ 4. b) Dersom komiteen ikkje finn verdige kandidatar, vil det ikkje verta delt ut nokon pris for det aktuelle året.

Frist for nominering av kandidatar

§ 5 - Alle kan komme med framlegg til kandidatar. Medlemmar av Masfjorden Næringsforum skal kvart år bli oppfordra til å nominera aktuelle kandidatar til prisen. Frist for å komme med framlegg vert sett til 1.mars kvart år.

Tilhøve som skal vektleggast ved tildeling

§ 6. a) Følgjande kriterium/ forhold vil bli lagt vekt på ved tildeling av pris:

    Skaper positivt omdømme for Masfjorden
    Evne til omstilling og nytenking
    Skaping av nye arbeidsplassar
    Resultatutvikling
    Arbeidsmiljø
    Kompetanseutvikling
    Serviceinnstilling
    Miljøomsyn

§ 6. b) Kriterium for prisen skal godkjennast av årsmøtet for Masfjorden Næringsforum kvart år.

Komité for tildeling av pris

§ 7. a) Komiteen for tildeling av prisen skal vera samansett av fem personar:

    2 pers frå styret i MNF, valt på årsmøtet
    1 person frå Masfjorden kommune
    Sparebanken vest i Knarvik v/ næringsavdelinga
    Avisa Nordhordland v/ redaktøren

§ 7. b) Styret i MNF skal kvart år væra pådrivar for utdeling av Masfjorden Næringspris.

Grunngjeve framlegg på kandidatar sender du til innan 1. mars til:
post@masfjorden.kommune.no, eller Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes .


Sist oppdatert: 06.11.2020
Publisert: 09.11.2018