Frivilligsentralen
Kva er ein frivilligsentral?
Ein frivilligsentral er eit bindeledd mellom kommunen og det frivillige. Den skal hjelpe lag, organisasjonar og enkeltpersonar til å arbeide saman for å skape lokale møteplassar.
Saman med dei frivillige kreftene ønskjer frivilligsentralane å vere ein medhjelpar til dei som vil skape aktivitet og møte mellom menneske i kommunen vår.
Frivilligsentralane kan mellom anna:
- Hjelpe lag/organisasjonar med å søkje om midlar frå det offentlege.
- Legge til rette for deg som ønskjer å skape gode tilbod i ditt nærmiljø. Kom til oss med din idé!
- Arbeide for samhandling på tvers av grupper og område.
- Rettleie deg som ønskjer å bidra med frivillig innsats.
- Rettleie deg som ønskjer hjelp frå frivillige.
- Hjelpe deg å nå ut til lag/organisasjonar med informasjon.
Foreningsportal
Lenke til foreningsportal for Masfjorden (www.masfjorden.foreningsportal.no)
Kontaktinformasjon for frivilligsentralen
Kristin K Rasch, dagleg leiar Masfjorden Frivilligsentral - tlf: 56 16 62 08 / 90 10 41 39.
Sist oppdatert:
02.10.2023
Publisert:
14.06.2023