Dagsturhytta i Masfjorden

Dagsturhytta frå utsida, mot vatnet

Kva er ei dagsturhytte?

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar- eit turmål, ein plass å ete matpakka si, ein stad å få litt varme i seg- og ein stad mange kan nå.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga/Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane. Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har alt fått ei slik hytte.

Utgangspunktet for dette prosjektet er visjonen i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: «Fysisk aktivitet for alle».

Masfjorden si dagsturhytte

Masfjorden si dagsturhytta finn du i Grøttneset, mellom Mjanger og Kvingo. Hytta, som har fått namnet Fjordblikk, ligg vakkert til omgitt av sjø på tre sider. Hytta har eitt rom på ca 17 m2, ein liten hems og har solcellepanel og vedovn. Hytta er utstyrt med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulera til lesing og for å gjera kjend god nynorsk litteratur, hovudsakleg barnebøker.

Rundt hytta er det bygd romsleg, universelt utforma terrasse med sitjeplassar. Det er utedo og vedskjul i tilknyting til hytta. På nordsida av hytta er det badestrand. Innafor badestranda er det ilandstigingsplass dersom du kjem sjøvegen.

Sjølve hytta er det Stad kystbygg som har bygd og levert. Hytta kom som byggjesett med båt i september, og modulane vart deretter sett på plass ved hjelp av helikopter.

Kvinge grendalag i samarbeid med kommunen har stått for tilrettelegging av alt rundt hytta, med klargjering av tomt, parkeringsplass, toalett, terrasse, tilrettelegging av stiar, strand, ilandsstiginsplass, skilting mm. Våren 2023 var turvegen frå parkeringsplassen til hytta ferdig, slik at ein no kan nå hytta med rullestol, barnevogn eller sykkel.

Kommunen har inngått tilsynsavtale med Kvinge grendalag for hytta. Grunneigarar har stilt hyttetomt, parkeringsareal mm vederlagsfritt til disposisjon.

Korleis kjem du til hytta?

Ta av frå Fv 570 i Nord-Kvingekrysset. Deretter køyrer eller går du den kilometerlange kommunale vegen til Bakken til endes der det er skilta for parkering. Frå parkeringsplassen er det om lag 1,5 km å gå til hytta, først femhundre meter på turveg. Deretter kan du velja å halda fram til hytta på turvegen eller følgja stienover Flena eller gjennom Skarhellerdalen. Alle tre tur-rutene tek om lag 30 minutt i roleg gange.

Sjå pdf-kart over turløypa

Sjå film (youtube.com) som syner den universelle utforminga på tilkomst. 

Ønskjer du å padla eller ro fram til hytta kan kaien på Nord- Kvingo og båthamna på Bakken vera fine utgangspunkt for turen.


Ønskjer du ein lengre og litt meir krevjande tur til eller frå hytta kan du ta turen rundt Kjeringatåna, ein om lag 3 km/ 1 times lang tur på sti langs Nord-Kvingevågen og Austfjorden. Starten på denne turen er ved båthavna på Bakken. Når du nærmar deg hytta møter du stien gjennom Skarhellerdalen, og følgjer denne vidare til hytta.

Du kan og starta turen i Nord-Kvingekrysset, og følgja den ein kilometerlange turvegen over Stien. Turvegen er bygd av Kvinge grendalag og har lys.

Turvegen møter vegen til dagsturhytta ved parkeringsplassen på Bakken.

I Nord-Kvingekrysset er det parkeringsplass for 5-6 bilar.

Sjå film frå Fjordblikk, laga av Alver Media. 


Frå hytta er det laga turveg ned til flytebrygga.
Slik kan rørslehemma også ha høve til å nå hytta frå sjøsida, og i tillegg kunne nytta seg av badestrand, fiskeplassar og flytebrygge.

Dagsturhytta sett innafrå

Bruk basert på tillit

Dagsturhytta vil stå ulåst og open for alle. Med dette legg ein opp til at ein stoler 100% på dei som besøkjer hytta. Det er ikkje lov å overnatta, og det er heller ikkje høve til å koke mat i hytta. Rundt hytta er det mange høve til hengekøyeovernatting. Det vil bli laga til grillplassar ute på Grøttnespynten. Ved hytta er det bålpanne.

Treng du godt drikkevatn hentar du dette i elveosen nørst i Elvikastøa.
På utsida av hytta er det flotte sitjeplassar, nokre av dei overbygde med tak som ein slags gapahuk.

Når du besøkjer hytta

  • skriv du deg i gjesteboka
  • set du skoa i stativet utanfor døra. Jakker m.m. kan du ev. henga på knaggar i taket på dei to gapahukane på sidene av hytta
  • kan du låna tjukkelabbar til å ha på inne. Legg dei tilbake når du går.
  • kosar du deg

Før du går

  • kostar du over golvet, og ristar ryer
  • set du bord og benkar på plass etter deg
  • tek du med alt boss heim, både inne og ute
  • legg du saman teppe og ordnar puter
  • set du bøker, spel og teiknesaker på plass
  • stengjer du i omnen
  • lukkar du dører og vindauge
  • kostar du golv og lukkar dør til utedo

Hundar skal ikkje inn i hytta. Hugs bandtvang. Hundebæsjposane tek du med deg og kastar i bosscontainer i Nord-Kvingekrysset.

Det er tørr ved, opptenningsved, kostar og vaskeutstyr i rommet til høgre for inngangsdøra.

Dersom du ser noko som ikkje er i orden kontaktar du Masfjorden kommune på tlf. 56 16 62 00 eller post@masfjorden.kommune.no

Aktivitet

Hytta er plassert i eit område som naturleg inviterer til leik og allsidige uteaktivitetar. Kommunen ønskjer difor ikkje å gjera så mange tilretteleggingar på dette feltet. Strandområdet er nemnd.  For born i alle aldrar vil stranda gje flotte opplevingar med alt fiske- og dyreliv i strandkanten og i fjæra.  Elles er det enkelt å finna fiske- og badeplassar på svaberga.I skogen rundt hytta er det massevis av flotte klatretre. Inne i hytta er det i tillegg til bøker, ulike brett/kortspel og teiknesaker.

Nokre erfaringar

Dagsturhytta har sidan opning hatt svært mange besøkande. Enkeltpersonar, skular, barnehagar, lag og organisasjonar har lagt turar til hytta. Mange besøkjer hytta fleire gongar for veka, ja bortimot dagleg. Etter at det kom turveg heilt fram til hytta har det opna for at nyte grupper har teke vegen og hytta i bruk. I tillegg har ein sett at det er mange frå nabokommunane som besøker dagsturhytta.


Engasjementet frå innbyggjarane har vore stort. Private har bidrege med golvteppe, tova sitjeunderlag og tjukkelabbar i kipe/korg som gjestane kan ta på seg når dei besøkjer hytta.

Velkommen

I Masfjorden synest me at dagsturhytta har blitt noko meir enn berre ei hytte.

Nyt naturen rundt hytta!
Velkommen til dagsturhytta!

Tekst og foto: Masfjorden kommune

 


Sist oppdatert: 26.10.2023
Publisert: 25.11.2020