Matre symjebasseng

Badetider og temperatur

Den offentlege badinga har opent frå 1. oktober til og med 30. april kvart år og med desse opningstidene:
Mandagar, torsdagar og søndagar frå kl. 17.00 - 19.00.

Temperaturen i bassenget er no 28 grader, det vil også bli driftstemperaturen for framtida.

Opningstida er 7 månader slik at det opnar kring 1. oktober kvart år. I 2021 vert det opna 3. oktober.

Symjemerker

Idrettslaget BW har kjøpt inn distansemerke, sømjeknappen 200 meter, 500 metersmerket og 1000 metersmerket. I tillegg kan ein samle opp på distansane til flipper og milsmerka. Dei tre fyrste merka ligg klare og ventar på deg ved basseng, og vert delt ut ved endt merketaking.

Medlemmer i idrettslaget får merka gratis, andre må betale kr. 30,- pr. merke.

Bassenget er ope for offentleg bading 3 gonger i veka, mandag, torsdag og søndag frå kl. 17 - 19.

For meir informasjon, eller utlån av nøkkel, kontakt:

Arthur Sjursen, tlf. 97080865 eller
Lena M. Torslett tlf. 56367337 / 90204939.

Billettprisar
EinskildbillettHalvårskortHeilårskort
Born kr. 20,- kr. 170,- kr 300,-
Vaksne kr. 40,- kr. 250,- kr 450,-
Familie (far, mor, born) kr. 250,- kr 650,-

Barn under skulealder ifølge med betalande voksen går gratis. Personar som deltek i badevaktordninga får kr. 150,- i rabatt på årskortet og kr 75,- i rabatt på halvårskortet.

Det vert gjeve rom for bading for grupper utanom den offentlege badinga.

Den som er ansvarleg for lån av bassenget må vera over 18 år og ha gjennomført årleg livredningskurs. For større grupper kan idrettslaget stilla badevakt etter nærare avtale.

Om bassenget

Tak over utandørs-bassenget på Matre vart bygd hausten - 99.
Bassenget er eit kommunalt bygg som ligg like ved Matre skule.
Idrettslaget Bjørn West har påteke seg vakthaldet i bassenget.
Bassenget er finansiert med bidrag frå Spelemidlar (tidl.tippemidlar), Masfjorden kommune, helselaga i Indrefjorden, Idrettslaget Bjørn West og BKK.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomen til ein dukkert!

 

 

Tekst: Idrettslaget Bjørn West, symjegruppa v/Arthur Sjursen


Sist oppdatert: 13.09.2021
Publisert: 23.10.2018