Sleire skulemuseum

I skulemuseet er det samla utstyr som skriv seg alt frå omgangsskulen si tid. Det er ei historisk boksamling, vi finn lærebøker, læremidlar og faglitteratur frå eit stort tidsspenn i Masfjord - skulen.

Med alle skulekrinsane, er det sjølvsagt mykje utstyr. Du finn plansjar, kart, globus og andre hjelpemidlar. Det er ei utgåve av samanleggbar tavle som læraren i omgangsskulen hadde med seg. Det er ei kiste og kartrullar som læraren måtte frakta med seg mellom dei ulike plassane det var omgangsskule. Eit bord frå tida med omgangsskule er det og. Heldigvis har lærarane i skulane teke vare på materiell frå fleire tidsepokar.

Sleire skulemuseum

Museet har og ei samling sløydutstyr. Gutane hadde sløyd her i skulen, medan jentene hadde handarbeid på nye Sleire skule utover på 1960-talet. Loftet er innreidd som ein bustad (lærarinnehybel).

Ta kontakt med Masfjorden kommune for besøk og omvisning. 
Frank Kvinge: 970 61 230 
Sentralbord: 56 16 62 00 


Sist oppdatert: 19.09.2022
Publisert: 26.10.2018