Forklaringar og definisjonar

Museum

Eit museum er ein varig institusjon der verksemda ikkje er basert på økonomisk gevinst. Eit museum skal vera opent for publikum. Det skal tjena samfunnet og utviklinga av dette ved å samla inn, konservera, utforska, formidla og stilla ut materielle levningar etter mennesket og mennesket sine omgjevnader. Dette skal gjerast med tanke på forskning, undervisning og oppleving. (Henta frå defenisjonen til International Council og Museums - ICOM, som har rådgjevarstatus for UNESCO, FNs organ for kultur og vitenskap)

Sentrale kulturminneomgrep

Kulturminne

Alle meneskeskapte spor i omgjevnadene våre, frå dei eldste tider når dei fyrste innvandrarane kom til landet vårt og fram til i dag. Døme på kulturminne er steinalderbuplassar, gravrøysar, helleristningar, gamle bruer og vegar, offerplassar, steingardar, uteløar, gardsanlegg, kvernar, kyrkjer, bustadhus, fiskevær, handelsplassar, skipsvrak, båtar og farty, fyr, industribygg, jernbaneanlegg m.v.

Automatisk freda kulturminne

Alle kulturminne som er frå før 1537, samiske kultuminne som er eldre enn 100 år. Dei er freda etter kultuminnelova utan fredingsprosedyre. Det same gjeld for ståande bygningar som er erklæret å vere frå før 1650.
Freda kulturminne

Vert berre brukt om kulturminne som er vedtaksfreda etter kulturminnelova.
Verneverdig

Kulturminne som bør takast vare på. Eit verneverding kulturminne er ikkje automatisk eit formelt verna objekt. Nokre av kriteria som ligg til grunn for vurdering av verneverdi er: Alder, autensitet, historisk kjeldeverdi, miljøverdi og pedagogisk verdi.


Sist oppdatert: 21.01.2019
Publisert: 24.10.2018