HeimKultur og fritidMasfjorden kommune sitt kommunevåpen

Masfjorden kommune sitt kommunevåpen

Masfjorden kommune sitt kommunevåpenKommunevåpenet

Pkt. 1 Definisjon

Masfjorden kommune sitt våpen, fastsett ved kongeleg resolusjon den 28.09.90 er:
På raud grunn tre gull heldrer stilte i trepass.
Masfjorden kommune sitt flagg skal vera:
På raud grunn tre gule heldrer stilte i trepass.
Til dekorativt bruk kan våpenet formast som vimpel eller hengande banner. Våpenet omfattar alle heraldiske former.

Pkt. 2 Vilkår om bruk

Våpenet kan berre brukast av administrasjonen og institusjonar ved bruk av kommunal mynde og til dekorasjon.
Bruk av våpenet på suvenirar for sal er ikkje tillate utan særskilt løyve.
Våpenet må ikkje brukast slik at det kan oppfattast som privat kjenneteikn. Private kjenneteikn må heller ikkje stillast saman med våpenet.

Pkt. 3 Bruk av våpenskjold

Våpenskjold skal brukast med sine fargar dersom det ikkje ligg føre særskilt løyve.
Våpenskjold kan brukast som eigarmerke på bygningar, bilar og andre gjenstandar. Våpenskjoldet i fargar kan etter nærmare avgjerd rådmannen brukast til jakkemerke m.v.

Pkt. 4 Bruk av kommuneflagg

Flagget kan heisast når kommunestyret har møte og elles etter nærmare avgjerd av rådmannen.

Pkt. 5 Bruk av våpenet i faner, vimplar m.v.

Våpenet kan lagast som bordflagg, tverrskåre eller i vimpelform, til bruk som dekorasjon ved kommunale tilstellingar.
Til dekorativ bruk kan flagget formast og brukast som hengande banner etter nærmare avgjerd av rådmannen.

Pkt. 6 Bruk av våpen i stempel og segl

Våpenet kan brukast utan skjoldinnfatning, med etaten sin eller institusjonen sitt namn i ein innskriftsring langs kanten.
Segl kan stillast fram som oblatsegl til bruk på dokument, til lukking av konvoluttar o.l.

Pkt. 7 Våpenet sin form og presentasjon

Våpenet kan takast opp i ulike typar teknikkar og materialar, for eksempel plastisk i flatestil, malt, teikna, veva, brodert eller gravert.
All presentasjon av våpenet må følgja dei tekniske og heraldiske kvalitetsnormer med riktige fargar, former og proporsjonar.

Historia om kommunevåpenet

I Masfjorden kommune sin søknad av 09.05.90 om å få godkjent kommunevåpenet ved kongeleg resolusjon, er det opplyst:
"Vedtaket er(sak 29/90 i Masfjorden kommunestyre 26.03.90):
1. Masfjorden kommune vel tre hødlar i trepass som kommunevåpen.
2. Fargemotivet blir gull på raud bakgrunn.
Kommunevåpenet syner tre hødlar (holder) som symboliserer dei tre delane av kommunen. Ei hold vart mykje nytta i kommunen i eldre tider til å binde fast høy, ved o.l. - lage bører.

Reiskapen er velkjend over heile landet, og skrivemåten er ulik etter kvar ein er i landet. Etter ordboka er hegd, hogd og helde dei mest nytta. I Masfjorden kommune er det ei hold - reiskap til å binde saman - samhold."
 
I statsråd 28.sep. 1990 vart det fastsett:
"Vedtak av Masfjorden kommunestyre 26.mars 1990 om våpen og flagg for kommunen vert godkjent.
Masfjorden kommunes våpen skal vera: På raud grunn tre gull heldrer stilte i trepass.
Masfjorden kommunes flagg skal vera: På raud grunn tre gule heldrer stilte i trepass."
 
Jens Fosse vart i 1991 premiert med eit kulturstipend frå kommunen, for ideen til- og bruken av kommunevåpenet. Design og utforming er ved Rune Garmann.
 
 
 
Tekst: Frode Vee-Haugen


Sist oppdatert: 14.02.2022
Publisert: 14.02.2022