Etableringstilskot
Søknad om etableringstilskot (skjema.kf.no)
KS - 037/2021 Vedtak
Ordning med etableringstilskot vert justert og får følgjande regelverk frå 1.01.2021
- Det kan gjevast etableringstilskot til førstegongs etablering med bygging, kjøp og/eller restaurering av eigen privat bustad i Masfjorden kommune med kr. 60.000,- for dei under 35 år, og kr. 40.000,- for dei mellom 35 år og inntil ein fyller 40 år. Etableringstilskotet kan ikkje utgjere meir enn 10% av kostnaden.
- Etableringstilskot vert berre ytt til ungdom i etableringsfasen. For å koma innafor definisjonen ”ungdom i etableringsfasen”, må søkjaren vera under 40 år den dag mellombels bruksløyve/ferdigattest ligg føre.
- Søknadsfrist vert sett til 1. september kvart år, for utbetaling i neste budsjettår, slik at midlane til etableringstilskot kan innarbeidast i årsbudsjettet til kraftfondet.
- Ved søknaden må det leggjast ved attestasjon på at søkjaren er byggherre, og skal vera eigar av huset/registrert som innbyggjar i kommunen.
- Etableringstilskotet vert nedskrive over 5 år. Ved sal av bustad eller flytting frå kommunen før dette tidsrommet er ute, skal kommunen ha tilbakebetaling i høve til den tida som er gått.
- Etableringstilskotet kan betalast ut etter nærare vurdering når mellombels bruksløyve eller ferdigattest føreligg.
Sist oppdatert:
25.01.2022
Publisert:
10.10.2018