Viltforvaltning

Trua artar

Fleire artar har hatt ein kraftig tilbakegang dei seinare åra. Ulike former for menneskeleg aktivitet, som øydelegging av artane sine leveområde, har sterkt medverka til dette. Det er derfor utarbeida nasjonale lister (”raudlister”) over trua og sårbare artar i landet. I Masfjorden kommune lever fleire av desse artane. Kommunen har derfor eit ansvar for å ta vare på desse artane og leveområde deira. Eksempel på trua/sårbare artar har ein kartlagt i samband med kraftutbygging og andre planar i kommunen.

Hjortevilt

Minsteareal for å få tildelt eit hjorteløyve er 800 daa i indrefjorden, 600 på nordsida og 500 på sørsida i kommunen. Hjortestammen i kommunen er truleg flata ut. I 2012 vart det felt 395 dyr av 580 tildelte. Jakttida er framskunda og forlenga og er no frå: 01.09- 23.12. Slaktevektene som har hatt ein nedgang dei siste 10 år har også flata ut ser det ut for.

Viltpåkøyrsle/fallvilt

Masfjorden kommune har hovudansvaret for å handsama fallvilt. Det praktiske arbeidet tek ettersøksekvipasjen og Olav Kåre Tverrberg sitt hjortemottak.  Han er godkjent til å avgjer kva som kan nyttast.

VIKTIG!

Ved påkøyrsle av hjortevilt er det lovpålegg om å melda hendinga til politiet:

Masfjorden lensmannskontor tlf.0280

Hugs å merka staden for påkøyrsla tydeleg. Slik at ettersøksekvipasjen får eit godt utgangspunkt for ettersøket av det skada dyret. Pr dd er desse godkjende ekvipasjar: Vebjørn Aasgard, Bjarte Haugsvær, Lars Elling Haugsvær, Kjell Talle. Gå inn på: nkk.no - ettersøkshunderegisteret (Norsk kennel klubb) for meir info.

Avliving av skabbrev og andre skadedyr

Lov om dyrevelferd §4: Råkar nokon på eit dyr som synleg er sjukt, skadd eller hjelpelaust, skal han hjelpa det så langt råd er.

Når det er klårt at dyret ikkje kan leva eller verta godt att, kan kvar den som råkar på det, ta livet av dyret med det same i samsvar med reglane i §4, i Lov om dyrevelferd (www.lovdata.no) såframt det trengst for å spara det for meir liding.

Ta kontakt med politi.


Sist oppdatert: 14.11.2018
Publisert: 27.09.2018