Kunnskapsprøven i alkohollova

Kven treng å ta prøven?

Alle som ønskjer det kan ta kunnskapsprøven. Prøven er obligatorisk for styrar, avløysar samt kontrollør for sals- og skjenkestader.

Kva er pensum?

vinn.no kan du kjøpe læremateriell: pensumhefte, nettkurs og «test deg sjølv».

Kva kostar det?

For ta prøven, samt forsøk på å ta prøven, skal det betalast eit forskuddsgebyr på kr 400.

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Dyslektikarar kan ta kunnskapsprøven munnleg. Dette krev legeattest.
  • Er du svaksynt, lam, har nedsatt hørsel eller andre utfordringer legg vi til rette så langt det let seg gjera. Dette må du i så fall avtale med oss på førehand.

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale same beløp for kvar gong du tar prøven.

Tildeling av prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova med forskrifter. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Gjennomføring av prøven

  • Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førerkort eller bankkort med bilde som gyldig dokumentasjon.
  • Prøven er ein elektronisk fleirvalgsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål.
  • Prøven er på norsk. Det er ikkje mogleg å ha med tolk. Prøvetakeren har kun høve til å bruke ordbøker som hjelpemiddel, for eksempel engelsk-norsk / norsk-engelsk ordbok.

Kor tek du prøven

Prøven vert halde i kommunehuset på Masfjordnes og kan bestillast ved å ta kontakt med tenestetorget på kommunehuset.


Sist oppdatert: 14.11.2018
Publisert: 07.11.2018