Opptakskrav

§ 6. Opptak av barn

Kommunestyret i Masfjorden vedtek kriterium for opptak av barn til barnehagen. Opptak skjer i samsvar med desse. Barnet har barnehageplass til dei seier opp denne, jfr. §7, eller til barnet tek til i grunnskulen. Det er samordna opptak i barnehagane.

Prosedyre for opptak

a)  Ein søkjer på fastsett skjema
b)  Søknaden vert sendt barnehagen.
c)  Styrar set opp oversikt over søkjarane og lagar innstilling.
d)  Masfjorden kommune har to barnehageinntak for året. Søknadsfristen er 1. mars og  1.oktober, med oppstart 15. august og 1. januar.
e)  Klageinstans er Masfjorden formannskap
f)  Klagefrist er 3 veker etter at ein har mottatt meldinga.
g)  Ein skal gi skriftleg melding om at ein tek imot plassen innan 2 veker etter at ein fekk melding om tildelt plass. Dersom barnehagen ikkje får slik melding innan fristen, kan ein missa plassen.

Inntakskriterier for barnehagane

Kriteria står i prioritert rekkefylgje.

  1. Funksjonshemma born som kan ha nytte av barnehagetilbodet. Dette må vera skriftleg dokumentert av lege, helsesyster eller PPT.
  2. Born med tilråding frå lege, helsesyster, PPT eller barnevernTilrådinga må vera skriftleg dokumentert.
  3. 5- åringane
  4. Sysken til born som har plass, busette i Masfjorden
  5. Alle andre søkjarar busette i Masfjorden kommune. Søkjarar under dette punktet vert prioritert slik at den som er eldst, går føre.
  6. Born av åleineforeldre
  7. Born av foreldre som begge er i inntektsgjevande arbeid, har lovfesta permisjon eller tar utdanning.
  8. Søkjarar som har levert søknad etter fristen

Søkjarar frå andre kommunar kan få plass for eit år om gongen dersom det er ledige plassar og ingen ventelister etter hovudopptak.


Sist oppdatert: 20.01.2020
Publisert: 20.01.2020