Fjellvandrarfest og Fjelltrim 2019

Denne gongen var det om lag 45 personar i salen, ein god del færre enn vanleg. På festen vart det gitt informasjon om Fjelltrimmen, det var musikkinnslag med to gitaristar frå kulturskulen og som vanleg var det også allsong. Lise Kristine Viken stod for hovudinnslaget på festen, der ho fortalde og viste bilete frå turar både her til lands og frå USA. I tillegg vart det servert god mat, det var åresal, og ikkje minst premieutdeling.

57 personar hadde i 2018 gått 10 eller 15 postar, og hadde såleis gjort seg fortente til premie. Til saman var det 3699 namn i bøkene i denne sesongen, og talet har lege stabilt på om lag 4000 besøk dei siste åra. Når det gjeld oversikta over postane, kom Melshovden på topp nok ein gong med 1176 namn i boka. Eli-Marie Kjøsnes Kallekleiv hadde flest besøk på ein post, heile 121 gonger hadde ho vore på Håvarden.

Det var også premiering på vinterpostane, der hadde det vore 1264 besøk, og det er det høgaste talet me har hatt sidan me starta opp med desse postane i sesongen 2010/2011. Her var det nok ein gong Randi Kjøsnes som stod på toppen av lista med 215 turar, som også er rekord. På vinterpostane viste det seg at Håvarden som vanleg var det mest populære turmålet med sine 378 besøk.

Aktiviteten må seiast å vera høg når det gjeld vandring i skog og fjell her på Sørsida. For oss i Fjellvandrarkomitèen er det viktig å gje eit tilbod til alle som vil koma seg ut i naturen, og me ser også på arbeidet vårt som eit viktig helseføretak. I tillegg får folk med seg mange fine naturopplevingar, samstundes å verta meir kjende i skogane og i fjella våre. Me ser også at det stadig kjem nye namn i bøkene, og det er positivt.

Dei sju onsdagsturane som også er fjelltrimpostar, er etter kvart komne på plass. Postane i år er Melshovden, Totlandssetra, Idlakleiva, Torhågjen/Høgestølen, Storfjellstien, Håvarden og Torsteinshytta. Dei siste åtte postane vert lagde ut så snart det let seg gjera, informasjon vil koma etter kvart. Me tek også sikte på å verta flinkare til å leggja ut informasjon på Facebook, og den vil du finna på «Fjelltrim Fjon UIL».

Når me har fått ut alle postane, kan folk kjøpa kart og informasjon på dei tre butikkane på Sørsida. Du kan også betala inn på nettbank/bankgiro til Fjon U.I.L., kontonummer 3635 50 08643. Merk med Fjelltrim 2019 + namn.

N.B. Det er viktig at det vert betalt inn seinast 1. november 2019. Når me skal gå igjennom bøkene, tek me nemleg utgangspunkt i dei som har betalt. Dette gjer oppteljinga mykje enklare og raskare for oss. Satsane er 100 kr for vaksen og 50 kr for barn. Då er håpet at me har ein aktiv og fin tursesong i vente.

Fjellvandrarkomitéen v/Terje Rasdal


Sist oppdatert: 20.03.2019
Publisert: 20.03.2019