Forrykande inpirasjonskonsert med SMKV

Dyktige profesjonelle og glade amatørar i flott samstep. Foto : Frank KvingeKvart år reiser SMKV rundt på Vestlandet med inspirasjonskonsertar i samarbeid med NMF. I år søkte Sandnes skulemusikk om å få besøk, og jammen santen var dei av dei heldige som fekk positivt svar.

Det var LOW BRASS-seksjonen frå orkesteret  som gjesta Masfjorden og for skulelevar, barnehageborn og ein god del andre frå bygda  leverte dei eit forrykande program med virtuositet, speleglede og musikalsk overskot, alt med eit glimt i auga. Dette var musikkformidling av beste sort.

Thormod Flaten i fri utfalding på euphoniumen sin - ein virtuos i versklasse. Foro : Frank KvingeMusikantane i Sandnes skulemusikk deltok også på eit innslag saman med musikarane.

Både unge og vaksne storkosa seg på konserten og lot seg imponera over den skyhøge kvaliteten på det som vart levert. Dette var verkeleg musikalsk krydder i skulekvardagen. Og kanskje fekk endå fleire av dei i salen lyst til å begynna å spela i korps?

Aspirantopplæring til skulekorpsa er i kulturskuleregi. I mars vil kursinfo og påmelding bli kunngjort for målgruppene. Velkommen i korps!

Biletet attmed syner Tormod Flaten i fri utfalding på euphoniumen sin.
Ikke mange - om nokon - på denne kloden handterer dette instrumentet som han.

 

Tekst og foto : Frank Kvinge


Sist oppdatert: 18.02.2019
Publisert: 18.02.2019