Arrangement og elevoppdrag hausten 2020
Alle elevar skal ha fått tilsendt informasjon om møtedag, møtetid, lærar og generell informasjon.
Korona-pandemien
Korona-pandemien vil prega også hausthalvåret.
All ordinær undervisning går tilnærma som normalt, men med forsterka fokus på hygiene og reinhald. Smittevernpraksis frå juni heldt fram: Håndhygiene- avstand- halda seg heime ved teikn til sjukdom.
Elevar nyttar så langt råd eigne instrument/ utstyr. Instrument/ utstyr som blir nytta av fleire vert reingjort av lærar mellom kvar brukar. Alle våre undervisningsrom vil bli vaska av reinhaldspersonale etter undervisning/ før skulestart neste morgon.
Arrangement og oppdrag
Kulturskulen har sterke tradisjonar for å ha mange eigne arrangement og å bidra på det som rører seg av større og mindre arrangement elles i kommunen/ regionen. Dette har alltid vore viktige arbeidsmål for elevane.
Kulturlivet vil framleis gå på sparebluss og mange av desse tradisjonelle møteplassane for utøving vil ikkje vera der.
Kulturskulen har 40- årsjubileum i år. Dette vil me svært gjerne markera. Planen var å ha ei jubileumsveke i november. No ser me at det er svært usikkert å planleggja eit slikt arrangement slik me hadde tenkt.
Lærarane i kulturskulen har difor bestemt:
40-årsmarkeringa blir digital.
Elevane arbeider mot digitale framføringar i oktober-november.
- Livestream- konsertar
For dei lengstkomne/ eldste elevane. - «Adresse Masfjorden»
Videoinnspelingar av elevframføringar som blir sydd saman/redigert og presentert på ein digital kanal. Elevane spelar også i samråd med lærar inn introduksjonar på ca 20-30 sekund til innslaget ved å presentera seg sjølv, plassen dei bur på, innslaget og ev funfacts. Teatergruppa spelar inn ein smakebit frå framsyninga dei arbeider med: Robin Hood.
Kunstgruppene presenterer produkt. - CD-utgjeving og digital presentasjon av kulturskulecd-en «High five»
På Spotify og som handfast cd.
Innslag frå cd-en kan presenterast i «Adresse Masfjorden» og/eller livestream.
Kunstgruppene blir utfordra til å bidra med kunst i cover-hefte. - Digitale kunstutstillingar?
- Jubileumssong?
Innspeling i studio
Produkta blir presentert gjennom kulturskulen/ kommunen sine digitale kanalar, litt slik som 17. maifilmane i vår. Alle innslag blir kvalitetssikra slik at alle aktørar kjem fordelaktig ut. Kulturskulen vil i september senda ut skjema for foreldreløyve/reservasjon for filming og publisering.
Me ser fram til eit gjevande, om enn annleis, haustsemester.
Med ønskje om godt samarbeid.
17.08.20
Helsing alle lærarane i kulturskulen
Frank Kvinge
Rektor