HjemOppvekst og undervisningMasfjorden kulturskule, Masfjorden idrettsskuleAktueltInformasjon nr 2 om Korona. Til elevar og føresette i kulturskulen, andre brukarar

Informasjon nr 2 om Korona. Til elevar og føresette i kulturskulen, andre brukarar

Alle kulturarrangement, kor- og korpsaktivitet er avlyst i same periode.

Så langt har kulturskulelærarane på ymse vis hatt dialog med  elevar, heimar og lag om oppgåver og aktivitetar som kan gjerast heime i denne perioden. Dette heldt fram til påskeferien.

Me veit at det «digitale trykket» på heimane i og med heimegrunnskule har blitt dramatisk auka den siste tida, og det er mykje å halda styr på både for unge og vaksne. Me vonar likevel at informasjon som vert sendt til heimane vert vidareformidla til kulturskuleelevane. Dette er ikkje obligatoriske oppgåver som i grunnskulen, men ei hjelp og inspirasjon til å oppretthalda aktivitet og læring.

Kor lenge tiltaket med skulestenging, arrangements- og aktivitetsstopp vil gjelda veit me ikkje før mot slutten av påskeferien. Det blir då sendt ut ny info til dykk om status. Håpet er at kulturskuleundervisning og aktivitetar startar  opp igjen frå tysdag 14. april.

Administrasjonen vil vera på jobb, anten heimefrå  eller på kommunehuset. Bruk gjerne epost eller telefon.

Me vil halda dykk oppdatert. Følg elles med på Masfjorden kommune si heimeside for ny informasjon, og informasjon frå sentralt hald.

Minner om:
Frist for Inn- og utmelding i kulturskulen for neste skuleår er 13.april.
Les meir her:
Inn- og utmelding 2020-21
Kulturskulen si heimeside

 

Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor


Sist oppdatert: 25.03.2020
Publisert: 25.03.2020