Ungdommens kulturmønstring (UKM) 2021 - endra dato

UKM er ei mønstring der du kan vise litt av det du er oppteken av. Du kan stilla ut bilete og fotografi, du kan synga ein song, spela med bandet ditt eller på instrumentet ditt, visa ein dans, lesa eit dikt  eller visa ein film du har laga.
Det er berre fantasien som kan stoppa deg.

Arrangementet vil gå føre seg utan publikum, og deltakarar vil møta opp i ulike puljar, for å overhalda smittevernet.

Arrangementet skal vera trygt, og alle vil få god informasjon om kva tiltak/retningslinjer ein må forhalda seg til under arrangementet.

Det blir same husband som i 2020, så deltakarar med musikkinnslag som ønskjer akkompagnement kan forventa god hjelp frå dei. Det vert lagt opp til ei lita øving med bandet før sjølve mønstringa.

Det er leigd inn eit profesjonelt produksjonsfirma som skal filma arrangementet.
Filmen vil bli publisert i digitale kanalar etter at arrangementet er ferdig.

Sjå UKM-plakat (gif)
Nettsida for påmelding er opna (ukm.no/2021)
Påmeldingsfristen er 24. mars.

Det hadde vore flott om me fekk mange med frå vår kommune. Meld deg på!

Ta kontakt om du har spørsmål 97061230



Helsing kulturskulen


Sist oppdatert: 28.01.2021
Publisert: 15.12.2020