Rune Larsen til Vinterlys-konsert i Snikkarbua

Sjølvaste Rune Larsen er hovudattraksjonen når kulturskulen i samarbeid med Snikkarbua og JMS Musikk ønskjer velkommen til Vinterlys-konsert laurdag 25. januar kl. 18.00. Konserten vert i nyoppussa Snikkarbua på Kvingo.

I tillegg til Rune Larsen og med-musikarar deltek mellom anna songaren Anne Veddeng og pianovirtuos  Jørn Skauge.

Songkoret Spleis er med som koristar på ein av songane på Rune Larsen si siste plate, og resultatet av dette samarbeidet vil me få oppleva på konserten. I tillegg har koret si eiga avdeling.

Kommunen vår har eit rikt kulturliv, med massevis av unge talent. Nokre av desse møter me på denne konserten. Det vert songinnslag ved Josefine Oppedal frå Matre, Clara Brandt frå Risnes og Isak Thorsheim Kvinge frå Sandnes. Åshild Andvik spelar althorn og framfører saman med Jørn Skauge. Og så vil me møta to unge, sprudlande  representantar frå vertskapet i Snikkarbua, Sofie ( song )  og  Niklas ( kornett ). Alle desse er elevar i kulturskulen som dette året rundar 40 år.

Det vert lagt ut 200 billettar. Det kan vera lurt å førehandsbestilla på
tlf. 415 66 227 / Nærbutikken på Kvingo.

Seinare på kvelden spelar Never mind og Jon Martin Skauge opp til dans.

Dette vert ei lokal, kulturell storhending. Me sjåast i Snikkarbua. Velkommen.

Her kan du sjå pdf-plakat.

 

Tekst: Kulturskulen


Sist oppdatert: 13.01.2020
Publisert: 13.01.2020