Masfjorden idrettsskule

Øktene vert lagt rett etter skuletid eller som ein del av SFO-kvardagen. Dei som ikkje går på SFO kan sjølvsagt og delta desse dagane.

Kontaktinformasjon, oppvekstleiar

Rita Ludvigsen, oppvekstleiar
Telefon 56 16 62 41
Post- og besøksadresse:
Kommunehuset, 
Austfjordvegen 2724,
5981 Masfjordnes

Kontaktinformasjon Masfjorden idrettsskule

Post- og besøksadresse:
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes

Jon Torstein Bakken, idrettsskuleleiar
E-post : jon.torstein.bakken@masfjorden.kommune.no

tlf. 90 07 01 05

Betalingssatsar for idrettsskulen

Elevbetaling per skuleår

Satsane gjeld frå 01.08.2019 til 31.07.2020  kr. 820
Satsane gjeld frå 01.08.2020 til 31.07.2021  kr. 846
Påmelding til idrettsskulen

Det er utarbeidd eit eige skjema for påmelding. Dette får du fram ved å peike og klikke her

Kva skjer i idrettsskulen?

I idrettsskulen vil elevane lære seg ei rekke idrettar, der målet er at kvar og ein skal finna ein eller fleire idrettar som dei blir begeistra for og som dei opplever at dei meistrar, samstundes som dei får utvikle sine kroppslege evner. Innhaldet spenner frå grunnleggjande turn og friidrett, via meir vanlege idrettar som volleyball og basketball til meir «eksotiske» idrettar som til dømes amerikansk fotball og innebandy. I sommarhalvåret vil vi fokusera på aktivitetar ute i terrenget og smaka litt på friluftslivet sine gleder og opplevingar.

Kva vert forventa av elevane?

Idrettsskulen er eit aktivitetstilbod med målretta innhald. Det vert forventa at elevane ønskjer å utvikla sine kroppslege ferdighetar og at dei forstår at tilbodet handlar om læring. Tilbodet er ikkje «leiketimen», sjølv om idrettsskulen sitt mål er at det meste av læringa vil ha form som leik og spel.


Korleis er ei idrettsskuleøkt?

Kvar idrettsskuleøkt er ein del av ein periode der vi fokuserer på ein spesifikk idrett/aktivitet. Ein slik periode går over fire til seks veker, avhengig av kor mykje som skal lærast for å oppå grunnleggjande meistring.

Kvar økt startar med at vi ønskjer velkommen, noterer dei som er til stades og går gjennom det som skal gjennomførast. Deretter vert to tredje-delar av tida nytta til læringsaktivitet og den siste tredjedelen til leik, der elevane sjølv på demokratisk vis bestemmer leikeaktiviteten.
Økta vert avslutta med «dagens heiarop» og «takk for i dag».


Fellesaktivitetar

Gjennom idrettsskuleåret samlast idrettsskule-elevane frå alle skulane til fellesaktivitetar.
Dette kan vera skidagar for både bortover- og nedoverski, friluftsdagar med fiske, padling og anna, eller besøk og aktivitet på idrettsanlegg tilrettelagt for nokre av idrettane vi fokuserer på gjennom året. Desse aktivitetane vert gjennomført hovudsakeleg på laurdagar. Aktivitetsdagen vert varsla i god tid på førehand, og påmeldingsskjema kan du hente frå denne sida.


Sist oppdatert: 26.04.2019
Publisert: 08.06.2018