Velkomen til Skolten sandvolleyballbane

For at ein skal gjera det triveleg på anlegget er det sett opp nokon reglar som ein ber om at alle fylgjer:

  1. Sandvolleyballbana skal KUN nyttast til å spela sandvolleyball.
  2. Ein skal ikkje klatra i gjerdet/nettet rundt bana.
  3. Boss vert tatt med heim igjen eller kasta i bosspann. Me ynskjer ikkje boss i sanden på bana då dette fort vert liggande gøymd i sanden.
  4. Mat skal etast utanfor gjerdet.
  5. Sanden på bana er best berrføtt, men viss ein går inn med sko ber ein om at skoa ikkje tar med seg mold/skit inn i sanden.
  6. Alle må forsøkja å ha sanden så rein som mogleg frå andre materiale/gjenstandar. Ein kan ikkje bringa med seg t.d. steinar, singel, grus og liknande inn på bana.
  7. Ver venleg å lukka dørene etter avslutta speling, slik at ikkje vinden tar dei og at ikkje kattar og andre dyr går inn i sanden.

Det er lagt ned matter ved inngangsdøra nærast vegen der ein kan ta av seg skorne på utsida før ein trakkar inn på bana.

Volleyballar:
Ein må ta med eigen volleyball til bana. Viss du ikkje har dette så har nærbutikken på Kvingo både volleyball til sal og utleige i opningstider. Ein kan også leiga ball over fleire dagar. Overskotet frå dette går til vedlikehald av bana.

Dersom ein oppdagar feil eller problem som må utbetrast kan ein ta kontakt med Sveinung Tveit Mjanger på tlf.nr 41218155 eller Kristian Kvinge på tlf.nr 97704682.

Lukke til med spelinga. Me håpar du set pris på anlegget.

 

Tekst: Kristian Skjelanger Kvinge og Sveinung Tveit Mjanger


Sist oppdatert: 10.11.2020
Publisert: 29.05.2020