PPT - Pedagogisk psykologisk teneste
PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Masfjorden og Solund. Vertskommune er Fjaler.
Kontaktinformasjon for PPT
Berit Louise Bjørnsen, PPT-leiar
Telefon: 952 55 939, E-postadresse
Vertskommuneadresse: Fjaler kommune, Dalstunet 20 - Fjalerhuset, 6963 Dale i Sunfjord.
Organisasjonsnummer 974780143
Kva gjer PP-tenesta
PP-tenesta er sakkunnig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar. PP-tenesta skal bistå barnehagar i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlege behov.
PP-tenesta skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.
Les meir om PP-tenesta på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Informasjon og dokument
Meir informasjon om tenesta og relevante dokument er tilgjengeleg på fellessida til
PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord.
Tekst: Halvor Elde