Framlegg til mindre reguleringsendring Ytre Haugsdal bustadområde - på gnr. 1 bnr. 97 - offentleg ettersyn
Revidert plankart av 25.01.2024 og reviderte føresegner av 14.02.2024 i samsvar med formannskapet sitt vedtak er no lagt ut til offentleg ettersyn. I tillegg vert gjeldande reguleringplankart og føresegner frå 2008 lagt ut.
Gjeldande reguleringsplan har plan-ID 4634-126620080005, og vart godkjent i kommunestyret den 26.05.2008, sak 42/08.
Det vert vidare vist til vedlagde saksframlegg til formannskapsmøte som nærmare skildrar reguleringsendringane, samt protokoll frå formannskapet si handsaming.
Føresegner Ytre Haugsdal bustadfelt, gjeldande føresegner
Mindre reguleringsendring Ytre Haugsdal bustadfelt, saksframlegg til formannskapsmøte 12.2.2024
Reguleringsføresegner Ytre Haugsdal bustadfelt, dagsett 14.2.2024
Reguleringsplankart Ytre Haugsdal bustadfelt, revidert 25.1.2024
Saksprotokoll frå formannskapet sitt møte 12.2.2024
Ytre Haugsdal bustadfelt, gjeldande reguleringskart, 2008.
Masfjorden kommune ber om at eventuelle merknader til den mindre planendringane, jf. plan- og bygningslova sin § 12-14 vert sendt til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til vår e-post: post@masfjorden.kommune.no innan 2. april 2024.