HjemPolitikk, sjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringarFriluftslivet sine ferdselsårer i Masfjorden - høyring

Friluftslivet sine ferdselsårer i Masfjorden - høyring

Masfjorden formannskap vedtok i møte 21.10 sak 095/22 å leggja «Plan for friluftslivet sine ferdselsårer i Masfjorden kommune 2022-2030» ut på høyring med høyringsfrist 25. november.

Plan for friluftslivet sine ferdselsårer i Masfjorden kommune gjev oversikt over viktige ferdselsårer for friluftslivet i kommunen.
For å unngå at planen skulle bli for omfattande har det i planarbeidet vore behov for å avgrensa tal ferdselsårer som er med i planen i denne omgang. Planen inneheld dei 30 turforslaga frå turkartet som Masfjorden idrettsråd fekk laga i 2008. Dette er turar med varierande lengde, vanskegrad og tilrettelegging. I tillegg til dette har fjelltrimgruppene i idrettslaga suplert med ytterlegare 30 turar, etter same kriterium, slik at planen i dag har 60 turar som er blitt kartlagde og digitaliserte.

Planen seier noko om status på eksisterande løypenett, og ulike tiltak som kan iverksetjast for å heva kvaliteten på ferdselsårene. Tiltak i planen er avhengig av løyve frå grunneigar.

Plan for friluftslivet sine ferdselsårer i Masfjorden kommune har status som temaplan, og vil vera eit kunnskapsgrunnlag for kommuneplanen og Kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.

Planen er sendt ut til leiarar i 22 råd, lag og organisasjonar.
Merknader og innspel til planframlegget må sendast Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller på epost til post@masfjorden.kommune.no innan fristen 25. november.

Sjå planen her:
Plan for friluftslivet sine ferdselsårer i Masfjorden kommune 2022-2030

 


Tekst: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 26.10.2022
Publisert: 26.10.2022