Offentleg ettersyn - framlegg til planprogram for « Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Masfjorden kommune 2025-2037.»
Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet dannar rammene for den lokale
idrettspolitikken, både for organisert og eigenorganiserte aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv.
Planen vil danna grunnlaget for prioriteringar både av arealbruk, søknads- og
spelemiddelordningar og anleggsutvikling i kommunen. Planprogrammet skildrar vegen fram
mot endeleg kommunedelplan.
Planarbeid
Arbeidet med sjølve kommunedelplanen vert starta opp samstundes som framlegg til
planprogram vert lagt ut på offentleg ettersyn.
De vert med dette oppmoda om å koma med innspel og ønskje til nye tiltak og og behov
planen skal dekka.
Sei di meining innan 10.oktober! Me ber om skriftlege innspel.
Framlegg til planprogram
I planprogrammet vert rammene for planarbeidet fastsett. Eit planprogram er eit eige arbeidsdokument, som ikkje må forvekslast med sjølve kommunedelplanen. I planprogrammet er det gjort nærare greie for bakgrunn, formål, korleis ein tenkjer å leggja til rette for medverknad i planprosessen, korleis planarbeidet skal organiserast og kva framdriftsplan ein legg opp til.
Link Framlegg til planprogram
Link Masfjorden kommune sitt vedtak 09.09.24 om oppstart og offentleg ettersyn av
planprogram
Me ønskjer innspel både til planarbeidet og planprogrammet.
Send skriftleg innspel på e-post eller via post til
Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes
Merk med «Innspel til planprogram og kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet».
Kven kan uttala seg?
Alle interesserte kan uttala seg- både privatpersonar, frivillige lag og organisasjonar, interesseorganisasjonar, næringsliv og formelle høyringsinstansar.
Vi ønskjer synspunkt på kva som er viktig å ta med i planarbeidet og om framlegg til planprogram fangar det som er viktig å prioritera i denne planprosessen.
Vidare handsaming
Når høyringsfristen er ute vil innkomne uttalar bli samanfatta og vurdert før planprogrammet for kommunedelplan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet vert lagt fram for endeleg handsaming. Det er lagt opp til vedtak av planprogrammet 21.oktober.
Arbeidet med sjølve planen vil halda fram til neste år. Det er lagt opp til vedtak av den nye
kommunedelplanen i juni 2025.
Tekst: Masfjorden kommune