HjemPolitikk, sjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringarKunngjering av oppstart av kommunedelplan for drikkevatn og avlaup med framlegg til planprogram

Kunngjering av oppstart av kommunedelplan for drikkevatn og avlaup med framlegg til planprogram

Formannskapet i Masfjorden kommune vedtok i møte den 18.10.2021, i sak nr 081/21 og i medhald av plan- og bygningslova sin § 11-12 oppstart av arbeidet med  kommunedelplan for drikkevatn og avlaup for Masfjorden kommune for 2021 – 2032. Det  vart og vedteke at  framlegg til planprogram dagsett 23.09.2021 vert sendt på høyring i medhald av § 4-1 i same lov.

Planprogrammet gjer i korte trekk greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen og korleis ein legg til rette for medverknad med vidare i samband med sjølve planarbeidet. I planprogrammet vert det føreslått kva tema og problemstillingar som bør løysast i planarbeidet, og kva utgreiingar som er naudsynte for å få eit godt nok avgjerdsgrunnlag for mellom anna nye investeringar knytt  til drikkevatn-  og avlaupsområdet.

Framlegg til planprogram og saksframlegget i pdf-versjon:
Planprogram
Saksframlegg

Kommunen ønskjer både innspel til planarbeidet og til sjølve planprogrammet, og ber om at desse  vert sendt innan 10. desember 2021 til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no. På Masfjorden kommune si heimeside finn du:
elektronisk merknadsskjema (skjema.kf.no)

 

 

Tekst: Sveinung Toft


Sist oppdatert: 21.10.2021
Publisert: 21.10.2021