HjemPolitikk, sjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringarReguleringsplan for Storeskjeret - revidert planframlegg til offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Storeskjeret - revidert planframlegg til offentleg ettersyn

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 18.10.2021, sak 091/2021, gjort vedtak om å leggje revidert framlegg til  reguleringsplan for Storeskjeret gnr. 30 bnr. 23 m. fl. ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Reguleringsplanen har fått planid 4634-20200005.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny matbutikk/ forretning sør for  Storeskjeret på Sandnes. Ny lokalisering er naudsynt sidan Sandnesbutikken må ut av det historiske butikklokalet nede på Sandneskaien i løpet av relativ kort tid. Planforslaget regulerer inn et større areal for kombinert formål med forretning/kontor/ tenesteyting.  Det er satt av noko areal som går ut i sjø. Her er det tillate med delvis fylling i sjø. Innanfor kombinert formål skal ein og kunna setja opp pumper for drivstoffuttak. Vidare er det regulert inn 14 parkeringsplassar, inkludert HC parkering, fortau og mellombels gangveg frå oppstillingsplassen for bilar som ventar på ferja til Duesund.

Det er gjort følgjande hovudendringar i det reviderte planframlegget :

  • Butikken er flytta til nordvestleg hjørne av planområdet, maksimum høgde er redusert til 7,5 meter og storleiken på føremålet er redusert vesentleg.
  • Bustadføremålet er teke heilt ut av framlegget.
  • Storleiken på småbåtområdet mot Storeskjeret er redusert.

Planområdet er lokalisert rett ved Masfjordnes ferjekai og ligg i sentrum av Masfjordnes ute på og ved Storskjeret. Planområdet har ei størrelse på 6,48 daa. I dag er sentrale deler av området nytta som parkeringsplass og til båtopptrekk. I kommuneplanen ligg deler av området  som parkeringsareal, og elles som LNF-område og fleirbruksområde i sjø.

Det vert vist til planskildring av 25.10.2021, føresegner i samsvar med formannskapsvedtaket av 18.10.21 og plankart dagsett 11.10.2021. Saksframlegget med vedtaket i  formannskapsmøtet den 18.10.2021 vert og lagt ut.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 1. november 2021 til 14. desember 2021.

Plandokument i pdf-format:

Andre plandokument kan ein finna ved å gå inn på sak 20/371 på post innsyn.

Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan høyringsfristen den 14. desember 2021 til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, post@masfjorden.kommune.no.
Elektronisk høyringsskjema (skjema.kf.no)


Sist oppdatert: 01.11.2021
Publisert: 01.11.2021