HjemPolitikk, sjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringarKunngjering om oppstart av kommunedelplan for trafikksikring 2020 – 2023

Kunngjering om oppstart av kommunedelplan for trafikksikring 2020 – 2023

Formannskapet vedtok i møte den 10.06.2020, i sak nr. 053/20 og i medhald av plan- og bygningslova sin § 11-12 oppstart og kunngjering av arbeidet med ny kommunedelplan for trafikksikring for Masfjorden kommune for 2020 – 2032. Det  vart og vedteke at  framlegg til planprogram dagsett 27.05.2020 vert sendt på høyring i medhald av § 4-1 i same lov.

Planprogrammet gjer i korte trekk greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen og korleis ein legg til rette for medverknad med vidare. Trafikksikringsplanen vil handla både om fysiske tiltak på vegnettet og om tiltak som handlar om haldningsskapande aktivitetar for å førebyggja ulykker i trafikken i Masfjorden kommune.

Den nye planen vil erstatta gjeldande trafikksikringsplan som vart vedteken i kommunestyret den 30.10.2014, og som gjaldt for perioden 2015- 2019.

Høyringsdokumenta i pdf-versjon:
Saksframlegg til formannskapet
Framlegg til planprogram

Kommunen ønskjer innspel til planarbeidet og til sjølve planprogrammet, og ber om at desse vert sendt innan 20. august 2020 til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no. Bruk gjerne elektronisk høyringsskjema(skjema.kf.no).


Sist oppdatert: 24.06.2020
Publisert: 24.06.2020