Kommuneplan
Kommunestyret i Masfjorden godkjente i sak 021/19 den 9. mai 2019 kommuneplanen sin arealdel for 2018-2030, med planid 1266-20160004.
Arealdelen er utarbeidd etter ei vurdering av innspel, innkomne merknadar og i høve til strategiane i den vedtekne samfunnsdelen og politiske vedtak. Alle plandokumenta (planskildring, føresegner og plankart) er datert den 13. mai 2019.
Kommuneplanen fastset framtidig arealbruk i Masfjorden, og er med kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, og for utviding av eksisterande tiltak som er nemnt i plan- og bygningslova sin § 1-6. Tiltak etter § 1-6 må ikkje vera i strid med planen sitt arealføremål og reglar gjeve i føresegnene til planen.
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova si § 11-15. Kommunestyret sitt vedtak om kommuneplan kan ikkje klagast på, jf. plan- og bygningslova § 11-15.
Dei sentrale plandokumenta finn du i lenkene under som pdf-dokument. Kommuneplanen er og tilgjengeleg i planregisteret www.nordhordlandskart.no.
Samfunnsdelen blei vedteke av kommunestyret i 2012