HeimSjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarVedtekne reguleringsplanarGodkjent mindre reguleringsendring for fylkesveg 570 Einestrand - Nordkvingo

Godkjent mindre reguleringsendring for fylkesveg 570 Einestrand - Nordkvingo

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 18. mars, sak  025/2021 godkjent mindre endring av reguleringsplan for fylkesveg 570 Einestrand - Nordkvingo gnr 38 bnr 1, planid  126620130003 etter forenkla prosess og med følgjande vilkår:

  • Eksisterande tilkomstveg skal fjernast og vegarealet må tilbakeførast til fulldyrka så snart den nye tilkomstvegen er bygd og godkjent.

Revidert plankart av 22.01.2021 og saksutgreiing med vedtak frå formannskapet si handsaming vert med dette sendt ut.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er  å slå saman dei to avkøyringane som ligg på gnr. 38 bnr 1 til ei felles avkøyring, for å forbetre trafikktryggleiken på staden. 

Plandokument i pdf:
Saksframlegg
Kartvedlegg

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29,  3 veker frå denne kunngjeringa.

Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland og sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til
post@masfjorden.kommune.no innan 11.05.2021.


Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 16.04.2021
Publisert: 16.04.2021