HeimSjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarVedtekne reguleringsplanarKunngjering om vedteken revidert reguleringsplan for Librotet

Kunngjering om vedteken revidert reguleringsplan for Librotet

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte 30.11.2020 i sak 091/2020 har eigengodkjent revidert reguleringsplan for Librotet i Masfjorden kommune, med plan-id 20190001.

Hovudføremålet med endring av reguleringsplan er å  endre tomteplasseringar for å betre tomteplassering, samt mindrejustering av tilkomstveg. Vidare skal planarbeidet oppdatere gjeldande reguleringsplan i høve til naturfare og naturmangfald.

Planen med tilhøyrande dokument er tilgjengeleg på Masfjorden kommune si heimeside. Sjå reviderte plandokument av 24.09.2020 samt saksframlegg til kommunestyret sitt møte 30.11.2020 med vedtak:

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa.

Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no innan 04.01.2021.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, som gjeld krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.


Sist oppdatert: 14.12.2020
Publisert: 14.12.2020