Arkivteneste

Arkivtenesta har det overordna faglege arkivansvaret for kommunen si informasjons- og dokumentasjonsforvalting og har støttefunksjon når det gjeld rutinar, opplæring og arkivfagleg rådgjeving til kommunen si leiing og alle ytre einingar. 

Arkivtenesta har ansvar for dagleg drift og kvalitetssikring av kommunen sitt sak/arkiv system. Dette gjeld også ein del fagsystem. Systema er med på å sikre at kommunen utfører oppgåver i samsvar med reglar for arkiv og offentlegheit. Samstundes som vi skal sikre ei ope forvaltning, skal vi og ta vare på våre innbyggjarar sin rettigheitsdokumentasjon. 

Masfjorden kommune nyttar i dag elektroniske arkiv. Kommunen er medlem av Interkommunalt Arkiv Hordaland og alle papirarkiva er deponert hjå dei. 

Møtebøker frå formannskap og kommunestyret frå før 1921

Arkivet inkluderer møtebøker etter formannskap og kommunestyre i Masfjorden kommune samt delar av Lindås kommune som følger av frådelingar eller grensejusteringar.

Som du sikkert veit vart Masfjorden eigen kommune alt i 1879, da utskild frå Lindås kommune. Difor gjeld den andre møteprotokollen for perioden 1879 til 1904. Når det gjeld perioden 1873 til 1890 så gjeld den for Lindås kommune, men møteprotokollane som også omfatta Masfjorden sokn eller herad er med fram til 1879.

Masfjorden er også den fyste kommunen i Hordaland der du får tilgang til alle skuleprotokollane til og med 1920. Disse ligg no fritt tilgjengeleg på Digitalarkivet.

Dette viser at kommunen er villig til å bidra til Kulturdepartementet sin strategi for digitalisering av kulturarven samt sikra innbyggarane sin tilgang til kulturarven som er en demokratisk rett.

Formannskapsprotokollen for 1904-1921 er no(pr. 27.01.2021) også skanna og lagt ut på digitalarkivet.no. Når det gjeld formannskapet før 1873 i Lindås så er dette arkivmaterialet dessverre er tapt.

Digitalarkivet.no har fått mye merksemd den siste tida fordi lesesalane ved arkivinstitusjonane har vore stengt og fleire har etterlyst materiale digitalt.

Her kan du logge deg på digitalt arkiv for Masfjorden kommune (media.digitalarkivet.no)

Dette er ei av basistenestene kommunen får som eigar av Interkommunalt arkiv Hordaland (IKAH).

 Protokoll

 

Tekst: Frode Vee-Haugen
Foto: IKA Hordland

 

Innsyn historisk arkiv

Dei eldre arkiva er avlevert Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH).

Du kan tinge innsyn i avleverte papirarkiv via skjema: 

Klikk her for skjema til bestilling av opplysningar frå arkiva deponert hos Interkommunalt Arkiv i Hordaland. 


Sist oppdatert: 14.03.2023
Publisert: 18.09.2020