HeimPolitikk, sjølvhjelp og innsynSkjema og digital posteDialog - sikker innsending av post til kommunen

eDialog - sikker innsending av post til kommunen

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID mm)

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjema og eventuelt lastar opp dokument du vil sende til oss (pdf, png, jpeg mm.)

Her finn du eDialog: 

eDialog Masfjorden kommune  (alle avdelingar utanom PPT og NAV)

eDialog Fensfjorden PPT

eDialog NAV Fensfjorden

Slik fyller du ut skjemaet:

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
  • Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummer
  • Kommentar: Gje eventuelt greie for sendinga di
  • Hugs å lasta opp relevante vedlegg som i PDF, JPEG
  • Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og vert sendt direkte til  sak/arkivsystemet vårt.

Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).

Sikker kanal

Med tenesta eDialog kan du vende deg til oss i ein sikker kanal. Det er betre å bruke eDialog enn e-post, fordi e-post kan bli hacka eller stoppa i eit spamfilter, eller saksbehandlaren du sender e-post til, kan vere bortreist. Sendinga via eDialog er kryptert og gir ein sikker identifikasjon av avsender. Vi bruker systemet SvarInn, og får dokumenta rett inn i sak/arkiv systemet.

Der du ikkje skal bruke eDialog

  • Kommunen har elektroniske skjema til formålet, f.eks. søknad om barnehageplass, søknad om stilling mm.
  • Førespurnaden gjeld enkle spørsmål, då kan du senda e-post til post@masfjorden.kommune.no

Sist oppdatert: 15.06.2022
Publisert: 26.01.2022