Om kommunen
Masfjorden kommune ligg nord-vest for Bergen i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord-vest og kommunane Modalen og Alver i sør-aust.
Tema | Tabelldata |
Tal innbyggjarar 2. kv 2021 | 1654 personar |
Totalt areal (fastland og øyer) | 558 km² |
Areal fastland: | 544 km² |
Areal øyer: | 14 km² |
Tal øyer: | 190 |
Tal vatn: | 310 |
Areal vatn: | ca. 30 km² |
Høgste fjell: Storevasseggi (Stølsheimen) | 1044 moh |
Høgste punkt: Årdalsryggen 1100 moh (Stølsheimen - Høyanger/Masfjorden) | 1047 moh |
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.
Tenestetilbodet er godt utbygd, og me trur at Masfjorden er ein god kommune å bu i for alle aldersgrupper. I omtalen av avdelingane våre finn du mykje informasjon om kva tenester kommunen tilbyr.
Informasjon om universell utforming på vår heimeside
Sist oppdatert:
30.01.2023
Publisert:
06.10.2021