HjemOm personvernInformasjonskapslar

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar - av og til kalla "cookies" eller "kjeks" - er små kodar som vert sendt frå nettstaden vår til datamaskiner som vitjar nettstaden. Desse kodane vert lagra i nettlesaren på datamaskinene. Dei gjer at neste gong denne datamaskina vitjar nettstaden vår, "hugsar" nettstaden at datamaskina har vore der før.

Informasjonskapslar kan nyttast til ulike føremål:

  • Dersom du har gjort spesielle tilpasningar av utsjånaden på nettstaden, kan nettsida hugse desse, og gi deg den same sjåaropplevinga du hadde forrige gong.
  • Ein kan registrere kva informasjon som vart søkt opp, og kor lenge ein var inne på ei bestemt side. På den måten kan ein byggje opp ein kunnskap om trafikken på nettstaden, og justere denne med tanke på å gjere bruken enklare.

Det er verdt å merke seg at informasjonen i ein slik informasjonskapsel er knytt til sjølve utstyret, ikkje til personen/personane som nyttar utstyret.

Det er også verdt å merke seg at kommunen ikkje aktivt nyttar denne informasjonen til anna enn statistikk med det føremålet å forbetre innhaldet på nettstaden.

Men du kan velge å innstille nettlesaren din slik at informasjonskapslar ikkje vert lagra på maskina di. Då hindrar du innsyn i korleis du brukar nettstaden. Men det kan vere at du går glipp av ein del funksjonalitet som baserer seg på bruk av informasjonskapslar.


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 09.11.2018