HeimNyhendeKunngjering om framlegg til ny forskrift for renovasjon

Kunngjering om framlegg til ny forskrift for renovasjon

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 04.02.2021, sak  005/2021, gjort vedtak om å leggje framlegg til ny forskrift for renovasjon ut på offentleg høyring. Høyringsfristen vert på 6 veker frå utleggsdato. Denne forskrifta er gjeve med heimel i LOV-1981-03-13-6 Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) §§ 30, 31, 33, 34, 37, 48, 49, 50, 79, 83 og 85.

Den nye forskrifta vil erstatta gjeldande forskrift om renovasjon som vart vedteken i kommunestyret i 01.05.2000. Denne er felles for alle  kommunar i NGIR.

Høyringsdokument i pdf:
Rettleiar til ny renovasjonsforskrift
Framlegg til ny renovasjonsforskrift
Sakspapir til formannskapet
Retningsliner for transportveg

Høyringsuttalar skal sendast skriftleg og helst elektronisk til NGIR:
post@ngir.no
Eller per post til:
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS,Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin.


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 10.02.2021