HjemNyhendeOppdatering av Masfjorden kommune sine smittevernråd

Oppdatering av Masfjorden kommune sine smittevernråd

Heimekontor bør nyttast dersom det er mogleg.

Bruk munnbind når:

  • det ikkje er mogeleg å halde minst ein meters avstand
  • du er på offentleg stad som butikk og kollektivtransport
  • du i ditt arbeid ikkje kan halde minst 1 meters avstand til besøkjande
  • du er passasjer eller sjåfør i taxi

Butikkar må sikre at det ikkje kjem fleire kundar inn i butikken enn at det er mogeleg å halde 1 meter avstand

Kommunehuset er stengt for besøkjande utan avtale.

Masfjorden sjukeheim er frå tysdag 16. februar også open for besøkjande som er busette  i Ring 1 (Bergen, Kvam og Ulvik) og Ring 2 (Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidfjord, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Vaksdal, Voss, Øygarden).
For alle besøkjande er reglane besøk inntil 1 time for dagen med opp til to personar. Masfjorden kommune - Besøk til bebuarar ved Masfjorden sjukeheim (www.masfjorden.kommune.no)

Me minner elles om nasjonale råd og retningslinjer. Koronavirus (www.helsenorge.no)
 

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 15.02.2021