Varsel om oppstart av planarbeid – Fv. 570 Risnes bru
Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Masfjorden kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.
Skildring av tiltaket
Det overordna målet med planarbeidet er å legge til rette for ei ny Risnes bru på fv. 570 som erstatning for eksisterande. For å minske belastninga på eksisterande konstruksjon, er vegen no innsnevra til eit køyrefelt over brua.
Kommunestyret i Masfjorden kommune har gjort eit vedtak basert på «Rapport om vurdering av alternative trasear for Risnes», og rådde til at Vestland fylkeskommune jobbar vidare med alternativ brutrasé 2, som er ny bru sør for eksisterande Risnes bru.
I samsvar med dette vedtaket vil Vestland fylkeskommune utarbeide reguleringsplan for etablering av ny bru sør for eksisterande Risnes bru. Det vert utfordrande å byggje ny bru utan å leggje om fv. 5438 -som i dag går under brua. Vi legg difor til rette for nytt kryss på nordsida av dagens bru mellom fv 5438 og fv 570. Ny brutrase skal byggjast så nær opptil eksisterande bru som mogleg.
- Sjå planinitiativ for Risnes bru her (pdf)
Varslingsgrensa er behovsvurdert med omsyn til areal for massedeponering, både midlertidig og varig, anleggsområde, riving av eksisterande bru, omlegging av høgspent-trasèen, overvasshandtering mot sjø (på austsida av brua), nytt kryss, evt. sikt utbetring og andre moglege trafikksikringstiltak.
Varslingsgrense til oppstart av reguleringsplan.
Vurdering av konsekvensutreiing
Vi har i dialog med Masfjorden kommune vurdert at det ikkje er behov for konsekvensutgreiing (KU) i planarbeidet. Vurderinga er gjort basert på forskrift om konsekvensutgreiing og er i tråd med plan- og bygningslova.
Framdrift og frist for innspel
Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss innan torsdag 28.11.2024. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til Postboks 7900, 5020 Bergen eller via eDialog; https://www.vestlandfylke.no/om-oss/e-dialog/
eller med e-post til post@vlfk.no.
Alle innsendingar må merkast med saksnummeret; 2024/34248 eller med «Risnes bru reguleringsplan».
Vi vurderer at det ikkje er behov for informasjonsmøte no i varslingsperioden. Dersom det vert behov kan vi halde informasjonsmøte i høyringsperioden. Dette vert i så fall annonsert.
Innbyggjardialog finn de her: Kart til innbyggerdialog
Ta gjerne kontakt
Dersom de har spørsmål om planarbeidet, kan de også kontakte
Nina Fredriksen , telefon 47 66 71 98 eller
Sveinung Toft ,telefon 40 92 47 90 - Masfjorden kommune
Med helsing
Vestland fylkeskommune