HjemBygg, eigedom og beredskapOppretting av eigedom (deling)

Oppretting av eigedom (deling)

Oppretting av eigedom/overføring av areal

Du kan søkje om oppretting av ny grunneigedom, festetomt, anleggseigedom og arealoverføring frå eigedomen din.

Du kan sende søknad på eiga hand

  • Grunneigar kan søkje om deling og overføring av areal på eiga hand.
  • Alternativt kan andre med fullmakt søkje for deg.

Dette må du sjekke før du søkjer

  • Arealplanstatus for eigedomen
    - sjekk kva for planar og avgjerder som gjeld for eigedomen din i kommunen sitt planregister på nett.
  • Aktsemdsområde for skred eller flaum
    - sjekk om eigedomen din ligg innanfor aktsemdsområde for skred eller flaum.

Du finn dette ved å søke opp eigedomen din i kartportalen vår (www.nordhordlandskart.no)

Slik søkjer du

Aktuelle skjema finn du på Masfjorden kommune si heimeside under
«Skjema for teknisk, miljø og landbruk"

Om du ikkje finn kartet eller søknadsskjemaet du treng, kan du kontakte oss, så hjelper vi deg.

Arealoverføring

Dersom søknaden din gjeld arealoverføring mellom to eigedomar (til dømes eit tilleggsareal til ein bustadtomt), må de sende inn erklæring om arealoverføring saman med søknaden.

Du må også sjekke om det er tinglyst pant eller andre pengehefte i eigedomen som avgjer areal. I så tilfelle, må hefte fråfallas i arealet som skal arealoverførast.

Dersom det er tinglyst ein uråderett i eigedomen (til dømes forkjøpsrett eller burett), må rettshavar gje samtykke til arealoverføringa.

Du kan sjekke kva som er tinglyst på ein eigedom i kartløysinga
«Se eiendom» (seeiendom.kartverket.no)

Les meir om arealoverføring på Kartverket sine nettsider (kartverket.no)

Sende inn søknad

Søknaden sender du samla på e-post til: post@masfjorden.kommune.no
Dersom du vil sende søknaden i post, sender du den til:

Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes

Kva skjer vidare?

Når søknaden er registrert i kommunen, føretek vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, orienterer vi om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, tek kommunen ansvar for innhenting av desse. Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også handsamast av landbruksetaten med heimel i Jordlova § 12 (lovdata.no)
 
Vedtaket fattast med heimel i plan og bygningslova. Vedtaket stilast til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt innspel til søknaden.
 
Når delingsløyve er give, rekvisisjon om oppmålingsforretning er motteke og eventuelle vilkår for delinga er oppfylt, vert eigedomen målt opp.

Oppmålingsforretning

  • Rekvirent, naboar og eventuelle rettshavarar til arealet som skal delast frå/overførast blir kalt inn til oppmålingsforretning per brev minst to veker før tidspunktet for oppsett oppmåling.
  • Er du innkalt kan andre stille på vegne for deg, med skriftleg fullmakt.
  • Det vert halde oppmålingsforretning over eigedomen der partane bidrar til å påvise eksisterande grenser i samsvar med målebrev/skylddelingsforretninger.
  • Nye grenser etter delingsløyve vert påvist og sett av landmålar.
  • Grensemerke blir sett ned i marka og grensepunkta vert målt.
  • Det vert ført protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga.

Matrikkelføring og tinglysing

  • Etter oppmålingsforretninga er gjennomført og eventuelle vilkår er oppfylt, vert den nye matrikkeleininga ført inn i matrikkelen og sendt til tinglysing.
  • Dersom det er tinglyst uråderett på eigedomen arealet skal delast frå, arealoverførast, eller det er andre tilhøve som hindrar tinglysing, må dette rettast av partane før saka kan sendast til tinglysing.

Matrikkelbrev

  • Når kommunen har fått tilbakemelding på at den nye matrikkeleininga er tinglyst, vert det sendt ut matrikkelbrev til rekvirenten.
  • Partane har 3 vekers klagefrist frå ein har motteke matrikkelbrevet.

Gebyr

  • Søknad om frådeling er gebyrbelagt.
  • Du får eit gebyr for vedtak etter plan- og bygningslova og eit gebyr for oppmålingsforretninga.
  • I tillegg kjem tinglysingsgebyr og eventuelt gebyr for dispensasjon.

Skøyte


Sist oppdatert: 10.02.2021
Publisert: 02.11.2020