Kunngjering av godkjent planendring - reguleringsplan for Liarinden

Revidert plankart av 05.09.2023 og saksutgreiing med vedtak / protokoll frå kommunestyret si handsaming vert med dette sendt ut, samt endra føresegner av 29.12.2023.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er skildra i saksframlegget. Reguleringsplanen ligg frå 04.03.24 til gjennomsyn på Masfjorden kommune si heimeside www.masfjorden.kommune.no, under vedtekne reguleringsplanar. Regionale etatar, naboar og grunneigarar får eigne brev med naudsynte vedlegg.

 

Om klage og verknad av plan 

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa.
Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland og sendast til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no innan 20.03.2024.

Sist oppdatert: 28.02.2024
Publisert: 28.02.2024