HjemPolitikk, sjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringarReguleringsplan for Skutevika - offentleg ettersyn i perioden 8 mai - 20 juni 2024

Reguleringsplan for Skutevika - offentleg ettersyn i perioden 8 mai - 20 juni 2024

Føremålet med planarbeidet er å regulere det eksisterande næringsområdet i Skutevika på Kvingo. Området er sett av til næring i den overordna kommuneplanen sin arealdel, og vert nytta av Mowi ASA, til settefiskanlegg.

Anlegget har vore i drift sidan 1980-talet, men området er utan reguleringsplan. Føremålet med planarbeidet er å regulere no-situasjonen, samstundes som ein legg til rette for ei oppgradering av eksisterande anlegg og ei mindre arealutviding. Det vert og regulert inn areal til utbetring av fylkesvegkrysset med vidare.

Det vert vist til vedlagde planskildring, plankart og føresegner av 11.04.2024, samt ROS analyse. Desse dokumenta og andre plandokument som vegteikningar ved kryss, fagrapportar med vidare vert også vist på heimesida til Masfjorden kommune frå 8. mai 2024.

Reguleringsplanen med tilhøyrande plandokument ligg og ute til offentleg ettersyn frå 8. mai til 20 juni 2024 på Masfjorden kommune si heimeside, www.masfjorden.kommune.no under høyringar. 

Protokoll frå møte i formannskapet 30.04.24

Saksframlegg til møte i formannskapet 30.04.24

Plan og profiltegning (pdf)

Føresegner (pdf)

Merknadsskjema oppstart (pdf)

Områdestabilitetsvurdering (pdf)

Plankart 11.04.24 (pdf)

Planskildring (pdf)

ROS-analyse (pdf)

Støyvurdering (pdf)

Masfjorden kommune ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan høyringsfristen den 20. juni 2024 til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no


Sist oppdatert: 14.05.2024
Publisert: 06.05.2024